Årsplan for skulefritidsordninga 2025-2026

9 Dagsrytme og informasjon

For at det ikkje skal oppstå nokon misforståing, ønskjer vi å ha:
•    Fast avtale dersom ein elev skal gå eller sykle heim frå SFO.
•    Melding dersom eleven ikkje skal på SFO ein dag, er sjuk, eller skal heim til anna tid enn avtalt. Denne meldinga vil vi ha skriftleg enten i Visma før kl 13 eller seinere på telefon.

Telefonnummer til SFO er: 488 98 162
På denne telefonen kan de gjerne legge igjen beskjed heile dagen, vi svarar alltid på meldingar. Dersom du ikkje får:  OK + namnet til den som mottar meldinga til svar så er ikkje meldinga motteken. Dersom du ringer og ikkje får svar, så ringer vi alltid tilbake så fort vi kan.

SFO held til i eigne lokalar med eigen inngang i underetasjen til skulen mot ballbingane. I tillegg kan SFO nytta gymsal, kjøkken og andre rom ved behov. 

Det blir mykje tid til leik både ute og inne. Vi har heile skulens uteområde til disposisjon. Det er viktig for oss at elevane trivst i SFO. Derfor får dei til ein viss grad bestemme sjølv kva dei vil gjera. SFO skal vera med å leggje til rette for at barna får ein trygg og stabil barndom saman med heim og skule. SFO-tilbodet skal leggje vekt på barna sine eigne behov og rett til å velja og å skapa kontakt mellom barn på ulike alderssteg og klassetrinn. Det skal vera eit trygt leikemiljø der barna skal læra å visa respekt og omsorg for kvarandre, samt respektera grenser som blir satt av dei vaksne og dei reglar som gjeld for bruk av rom og utstyr.

Det hender vi får spørsmål om elevane kan ta med egne leiker til SFO. Dette er i orden for oss, men det er på eige ansvar. SFO erstatter ikkje øydelagte leiker.

Vi er ofte ute. Send derfor med varm genser, lue, vottar utebukse/dress, regntøy og støvlar. Dersom dette heng på skulen, hentar vi det der. Merk klede og sko tydeleg!  Både vaksne og barn kan til tider ha vanskelig med å ha full oversikt. Vi ber dere heime om å merke klede skikkelig, slik at det blir enklare å finne ut av kva som tilhørar kven. Dette vil også innebere mindre tap for dere. Dersom vi sender med våte klede heim så husk å send med nytt tilbake.

På SFO følgjer vi skulens ordensreglement.

Det er sjølvsagt at vi tar godt vare på leiker og materiell. Vi er nøye på at alle ryddar etter seg og at alle leiker bur på sin faste plass for da finner vi dei igjen. Vi viser respekt og har omsorg for dei rundt oss. Vi løpar ikkje inne og brukar inne-stemme. Når det gjeld uteområdet så skal syklar ol parkerast på oppsida av skulen og ikkje nyttas i SFO-tida. SFO sine syklar kan nyttas men sykkelhjelm er påbode. Det er ikkje tillat å gå utanfor skulen sitt område.

Mat: 

Måltidet serverast (etter leksehjelp) på skulekjøkkenet ca kl. 13.30.   Vi lærer om bordskikk og og koser oss saman. Dette måltidet er gratis. Elevane kan ete medbrakt frukost på SFO. Ta med vannflaske til å ha på SFO. 

Opningstider: 

•    SFO har opent alle morgonar frå kl. 07.00 til 08.00
•    SFO har opent måndag, tysdag, torsdag og fredag frå kl. 13.00 til 16.30. Onsdagar har vi opent 11.45-16.30.
•    Vi gjer merksam på at SFO ikkje opnar før kl. 07.00. Skulen/SFO kan ikkje ha tilsyn med elevar som møter tidlegare.
•    Henting: "SE MEG NÅR DU HENTAR MEG". Dette opnar for at du ser barnet i samspel med andre barn og kan føre til gode samtaler mellom deg og ditt barn. Gje alltid beskjed til en vaksen når du hentar barnet
•    Det er kjekt at elevar følgjer kvarandre heim etter SFO, men dersom nokre elevar skal følgja andre elevar heim så ber vi om at det blir avtalt før henting, helst dagen før. Vi opplever ofte at det blir urolig når foreldra kjem og at dette ofte smittar over på andre elevar. Det opplevast òg sårt og vondt for dei elevane som aldri blir inviterte til nokon.
•    Vennleg respekter opningstida. Ved for sein henting påløper gebyr.

Vi gjer oppmerksam på at Bjerkreim skule sitt SFO-tilbod fylgjar skuleruta og at SFO sit ferietilbod gjes på Vikeså skule.