Påmelding til SFO
Søknadsfrist for skoleåret 2026/2027 er 1. mars.
Velkommen til SFO!
SFO held til i eigne lokalar med eigen inngang i underetasjen til skulen mot ballbingane. I tillegg kan SFO nytta gymsal, kjøkken og andre rom ved behov.
For at det ikkje skal oppstå nokon misforståing, ønskjer vi å ha:
• Fast avtale dersom ein elev skal gå eller sykle heim frå SFO
• Melding dersom eleven ikkje skal på SFO ein dag, er sjuk, eller skal heim til anna tid enn avtalt. Denne meldinga vil vi ha skriftleg, eller på telefon.
Ringe SFO
Telefonnummeret til SFO er: 488 98 162. På denne telefonen kan de gjerne legge igjen beskjed, vi svarar alltid på meldingar. Dersom du ikkje får: OK + namnet til den som mottar meldinga til svar så er ikkje meldinga motteken. Dersom du ringer og ikkje får svar, så ringer vi alltid tilbake så fort vi kan.
Opningstider
- morgon alle dagar kl. 07.00-08.00
- ettermiddag måndag, tysdag, torsdag og fredag kl. 13.00-16.30. Onsdag kl. 11.45-16.30
- Vi gjer merksam på at SFO ikkje opnar før kl. 07.00. Skulen/SFO kan ikkje ha tilsyn med elevar som møter tidlegare.
Vennleg respekter opningstida!
Henting: “Se meg når du hentar meg”. Dette opnar for at du ser barnet i samspel med andre barn og kan føre til gode samtaler mellom deg og ditt barn. Gje alltid beskjed til en vaksen når du hentar barnet!
Det er kjekt at elevar følgjer kvarandre heim etter SFO, men dersom nokre elevar skal følgja andre elevar heim så ber vi om at det blir avtalt før henting, helst dagen før.
Prisar
- Prisar 1. -3. trinn
- Prisar for 4. trinn
- Kjøp av enkeltdagar
- Ferietilbod
Dette er prisane som gjeld for SFO.
Mat
Bjerkreim skule SFO er ein del av Matjungelen som er eit aktivitetsprogram for barn i SFO, kor dei kan oppdaga og oppleve ein jungel av mat og oppleve matglede i fellesskap. Mat serverast etter leksehjelp på skulekjøkkenet ca kl. 13.30. Vi lærer om bordskikk og har fokus på eit hyggeleg måltid. Elevane kan ete medbrakt frukost på SFO. Ta med vannflaske til å ha på SFO!
Mål for Bjerkreim skule SFO:
- gi barna omsorg og tilsyn
- skape gode vilkår for leik, sjølvstende og fritidskjensle
- la barna oppleva humor og glede
- legga til rette for fysisk aktivitet og mestring
- gi rom for rolege aktivitetar og kvile
- skape eit godt psykososialt miljø
- vi skal ha eit godt og trygt miljø med nulltoleranse mot krenking, mobbing, vald, diskriminering, rasisme og trakassering
- legge til rette for et godt og nært samarbeid mellom SFO og føresette
Leik inne og ute
Det blir mykje tid til leik både ute og inne. Det er viktig for oss at elevane trivst i SFO.
SFO skal vera med å leggje til rette for at barna får ein trygg og stabil barndom saman med heim og skule. SFO-tilbodet skal leggje vekt på barna sine eigne behov og rett til å velja og å skapa kontakt mellom barn på ulike alderssteg og klassetrinn. Det skal vera eit trygt leikemiljø der barna skal læra å visa respekt og omsorg for kvarandre, samt respektera grenser som blir satt av dei vaksne og dei reglar som gjeld for bruk av rom og utstyr.
Vi er ofte ute. Send derfor med varm genser, lue, vottar utebukse/dress, regntøy og støvlar. Dersom dette heng på skulen, hentar vi det der. Merk klede og sko tydeleg! Dersom vi sender med våte klede heim så husk å send med nytt tilbake.
OBS! SFO er og mobilfri sone. Det vil sei at også smartklokker må vere i skulemodus også i SFO tida.
Dei vaksne i SFO er:
Personalet i SFO er her for barna dykkar.
- Jorunn Søyland Moi
- Anne Grethe Hovland
- Anita M. Versland
- Hanne Skårland
- May Linn Haver
- Mari-Ann Mellemstrand
- Kine Egebakken, lærling
- Siw Renée Israelsson, SFO-leiar
Er det noko de lurer på, er det berre å ta kontakt! Håper vi får eit kjekt år saman i SFO.
Mvh Siw Renée Israelsson, SFO-leiar.
På nettsida til Utdanningsdirektoratet er det publisert informasjon om SFO. SFO skal legge til rette for lek, kultur- og fritidsaktiviteter med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna, og gi omsorg og tilsyn. Rammeplan for SFO gjelder fra 1. august 2021 og skal bidra til et mer likeverdig tilbud over hele landet.
Forskrift
Forskrift om skulefritidsordninga for Bjerkreim skule.
Du kan lese meir om regelverket på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.
Gjeldande moderasjonsordninger i SFO
- Kommunen skal etter søknad gi reduksjon i foreldrebetalinga for skolefritidsordninga for elevar på 1. -4. trinn, slik at den pr. elev utgjør maksimalt seks prosent av inntektene til husholdningen.
- Gratis SFO for elever med særskilte behov på 5. - 7. trinn.
- Gratis SFO for elevar på 1., 2. og 3. årstrinn ( 12 timer pr. veke). Kommunen avgjør hvilke dager og tider ordningen skal gjelde.
- Søskenmoderasjon gis til det yngste barnet.
Dette er regulert i forskrift til opplæringslova § 1B-1. Du kan lese mer om regelverket på Udir sine nettsider.