13 Overgang frå barnehage til skule, barneskule til ungdomsskule
Overgang frå barnehage til skule, barneskule til ungdomsskule
Bjerkreim kommune har føringar for å sikre ein god overgangen mellom barnehage og skule. Planen ligg ute på heimesida til skulen. 6 åringane blir skrivne inn på skulen i november året før dei skal byrje i første klasse. Elevane besøkjer skulen og får sjå klasserommet dei skal ha. På våren er det førskule for dei nye elevane, og eit kort foreldremøte for dei føresette. I tillegg til dette er barnehagen på besøk på skulen og 1.klasse er på besøk i barnehagen i løpet av det første skuleåret.
Bjerkreim kommune har føringar for å sikre ein god overgang til ungdomsskulen på Vikeså. Planen finn de her (PDF, 143 kB) og på heimesida til skulen.