12 Leksehjelp
Leksehjelp
Kommunen pliktar å ha eit tilbod om leksehjelp i grunnskulen etter Opplæringslova §4-4. Tilbodet skal vere gratis for elevane. Elevane skal ha rett til å delta på leksehjelptilbodet,men det skal vere frivillig om dei ønskjer å delta. 1.-4. trinn får tilbod om leksehjelp skuleåret 2025-2026. Det er 30 minutt leksehjelp måndag, tysdag, onsdag og torsdag. Skulen vil gjere merksam på at leksehjelpa på skulen ikkje erstattar foreldra sitt ansvar for å følgje opp elevane med lekser. Det vil ikkje bli tid eller bemanning til å høyre elevene i leselekse, gloser eller andre ting ein treng å øve på saman med ein vaksen.