Tannhelsetenesta

tannhelsetenesta - Klikk for stort bilete

Innkallingsrutinar ved distrikstannklinikken
Elevane ved Vikeså skule høyrer til under Egersund eller Gjesdal tannklinikk fom. skuleåret 2015/2016
 
Som ein hovudregel vert alle som er i skulepliktig alder kalla inn ein gong KVART ÅR til kontroll ved distriktstannklinikken. Der blir dei undersøkte av tannlege eller tannpleiar.
 
Nokre årskull har ein forenkla kontroll. Det gjeld barn som ikkje har hatt hol i tennene, eller der det er fleire år sidan dei har hatt hol. Desse blir det teke røntgenbilete av. Tannlegen ser på bileta, og dersom det er grunn til det, blir barnet kalla inn att til ein nærare kontroll av tannlegen.
 
Andre barn kan ha stor risiko for hol i tennene. Desse kan bli kontrollerte fleire gonger pr. år, eventuelt kalla inn til fluorpensling ved ein av tannlegesekretærane.
Sist endra 27.06.2017
Fann du det du leitte etter?