Heim-skule

Ved Vikeså skule er me opptatt av å skapa eit godt heim-skule samarbeid. Dette er avgjerande for at elevane skal få mest mogleg utbytte av skuledagen, både fagleg og sosialt.

Me har to felles foreldremøter kvart skuleår, og to individuelle foreldrekonferansetimar. Eleven er med på ein av foreldrekonferansane kvart år. I forkant av foreldresamtalene får de heim ei trivselsundersøking som går på det psykososiale miljøet til eleven. Me ber om at de tek denne med på konferansetimen.

Elles tek me samtaler etter behov.

Sjå også FAU si side for informasjon om heim-skule samarbeidet som skjer ved skulen.

Sist endra 22.06.2015
Fann du det du leitte etter?

Relaterte ressursar