Biblioteket

Biblioteket

bibliotek - Klikk for stort bilete  

 

BIBLIOTEKET

Bjerkreim folkebibliotek ligg vegg i vegg med skulen og fungerer som skulebibliotek i delar av undervisningstida. Ved sida av fag- og skjønnlitteratur for vaksne, har biblioteket godt utval av barne- og ungdomsbøker, faktabøker for barn, biletbøker for dei minste, lydbøker, filmar på DVD og blu-ray, aviser og blad, samanlagt ca 21 000 band/medieeiningar. Det meste av dette er til heimlån for elevane ved skulen.
 

Elevlån

Lærarane avtaler særskilde tider til klasselåning for sine elevar. Utanom klasselånstidene kan bibliotekpersonalet dessutan hjelpa lærarar og elevar med å finna stoff til tema-, prosjektarbeid eller anna undervisning.

 

Bøker som biblioteket ikkje har sjølv, kan oftast bestillast på fjernlån frå andre bibliotek.
 

Lånekort

Elevane på mellomtrinnet og ungdomstrinnet får spesielle elevkort, som kontaktlærarane oppbevarar. Elevkorta er berre til bruk i skuletida. Til fritidslån utanom skuletida må mellomtrinnselevane bruka foreldra sitt lånekort.

 

Ungdomsskuleelevane kan i tillegg få sitt eige, "vaksne" lånekort til bruk på fritida. Dette kortet kan også nyttast til lån i skuletida.

 

Opningstider for biblioteket

På desse tidene er det vanlegvis personale til stades på biblioteket:

Måndagar: frå 08.30
Tysdagar: frå 12.00
Onsdagar partalsveker: frå 08.30
Onsdagar oddetalsveker: frå 12.00
Torsdagar: frå 08.30
Fredagar: frå 08.30



NB! Desse tidene gjeld til vanleg! Kortare eller lengre ærend på Heradshuset eller på posten kan førekoma. I slike tilfelle blir det sett opp beskjed på skranken.

 

Biblioteket har elles ordinært ope til desse tidene:

Måndag/tysdag/onsdag: kl. 15.00 - 19.00
Torsdag/fredag: kl. 12.00 - 15.30
Laurdag: stengt

 

Sist endra 11.08.2015
Fann du det du leitte etter?

Relaterte ressursar