Startside

VG-lista til skulen!

vg-lista.jpg - Klikk for stort bilete  Fredag 09.06 kl. 12. 00 kjem VG-lista til Vikeså skule for å halde konsert for 1.-10.klasse.

Tidligare har VG-lista vært på Sætre barneskole i Hurum og Holviga skole i Grimstad, og no er det vår tur!

Me har enno ikkje oversikt over kva for artistar som kjem, men Hkeem er ein av dei.

Vikeså skule gler seg til konsert, takk til Marita Gåsland som melde skulen på slik at alle kan få ei minnerik oppleving i lag!

 

Til føresette:

  • Konserten vil nok sannsynlegvis verta filma av VG, og videoar frå konserten vil bli publiserte på nett. Om du ønskjer å reservera barnet ditt mot filming, gjer du kontaktlærer beskjed om dette.
  • Skulen rår ikkje over kva songar som blir spelte på konserten. Nokre songar kan ha eit språk som ikkje er i tråd med språk ein til vanleg brukar på skulen.  Me vil ta dette opp i klassane før konserten. Det kan vera lurt at du som forelder høyrer på artisten på www.youtube.com for å avgjera om ditt barn skal få høyre på. Skulen lagar alternativt opplegg for dei elevane som ev. ber om fritak.
  • 8.-10. trinn vil få lov å bruka mobilar under konserten om dei vil. Mobilen kan derfor takast med på skulen denne dagen, men må liggja avslått i sekken fram til konserten. Skulen vil repetera god skikk for publisering av bilete og generelt nettvett før konserten.

 

Me håper alle vil kosa seg på det som nok blir høgdepunktet av året for mange!

Sist endra 09.06.2017
Fann du det du leitte etter?

Relaterte ressursar