Startside

Hærverk

IMG_5450.JPG - Klikk for stort bilete I den siste tida har det vore ei auke i antall ungdommar som held til på skulen og i barnehagen på kveldar/helger. Dette har dessverre ført med seg ei auke i hærverk og skadebrot på skule- og barnehageområdet. I dag tidleg fann me hauger med fystikkesker i jungelen, der nokon på kveldstid har forsøkt å tenna på dekka. Med ein skulebrann ikkje så langt bak oss, reagerer me kraftig på dette.

Til vanleg tykkjer me det er kjekt at elevar og tidlegare elevar treffest og har aktivitetar i lag på skuleområdet, men for ein periode no vil me be heimane halde elevar og tidlegare elevar vekke frå området, slik at denne negative åtferda ikkje får meir fotfeste. Det er ikkje kjekt å koma på skulen, verken for store eller små, når leikene er øydelagde, låsar er knust, planter er revne opp, lyktestolpar er knekte, søppel- og postkassar knuste... Mest kvar morgon må me ein runde og plukka opp søppel, glasskår, ølboksar, spritflasker eller sneipar som ligg strødd utover....

​Elevane på ungdomstrinnet samlest i dag i gymsalen og får klar beskjed frå rektor om at dette skal stoppa. Me håper de føresette er like lite interessert i at dykkar born skal vera ei del av dette som vi er, og tek denne samtalen vidare heime med den enkelte. Til dei av dykk som har born som har gått ut av 10.klasse, ber me og om at de følgjer meir med på kor og kva dei gjer. Spesielt ber me om at traktorkøyring som ikkje er i landbrukssamanheng stoppast, då køyringa i seg sjølv er til tider farleg, og fordi at ein del av hærverket heilt klart er gjort med slike maskinar. Det er forbod mot innkjøring både med bil, moped og traktor på skuleområdet unntatt i parkeringssona.

I tillegg til hærverket har skulen fått beskjed om at det er ein til tider bøllete og ufin oppførsel mot fleire av bebuarane langs Subagadå på kveldstid. Me ønskjer heller ikkje at våre elevar skal vera med på dette.  

Når me no skriv dette er det fordi skulen ikkje kan stoppa dette åleine. Politiet har hyppigare patruljer forbi skuleområdet, og er observante på traktorkøyring spesielt. Likevel må me presisera at den viktigste faktoren for å få slutt på dette er heimane og føresette. Me ber derfor føresette til noverande og tidlegare elevar om å fylgje med på kvar dei er på kveldane, og som sagt helst halde dei vekke frå skuleområdet.

Publisert av Svanhild Herbertson. Sist endra 05.10.2016
Fann du det du leitte etter?