Bjerkreim kommune

Raudt nivå 8. og 9.april

Raudt nivå 8. og 9.april

1.-10.trinn på Vikeså skule er på raudt nivå torsdag og fredag veke 14 medan smittesituasjonen vert avklart i kommunen.  Det betyr bl.a. strengare inndeling mellom klassar, friminutt ute og oppstilling etter friminutt, alle spesialrom utanom M&H vert stengt og auka fokus på hygiene og avstand.

Lærarane går gjennom retningslinjer med elevane på skulen. De finn desse her (PDF, 57 kB)

De heime kan hjelpe oss ved å snakka med elevane om viktigheita av avstand og å vaska hendene når dei kjem på skulen, etter friminutt, før mat og etter dobesøk. For elevane som tek skuleskyss ber me om at dei sit med elevar frå same hustand eller same kohort.

Desse dagane ber me og om at elevar blir heime om de er usikre på formen. Om dei har symptom på sjukdom ber me om at dei blir testa så snart som mogleg.