Bjerkreim kommune

Om Chromebook-problematikken

Om Chromebook-problematikken

Som kjent gjennom Dalane Tidende og Stavanger Aftenblad, har ein chromebook i Sandnes kommune hatt varmeutvikling i batteriet sitt.

 Acer sendte ei arbeidsgruppe til Sandnes, for å finna utav kva som var årsaka til dette problemet. Me i Bjerkreim kommune har òg vore i dialog med Acer gjennom heile denne prosessen. Arbeidsgruppa til Acer har no konkludert: Varmeutviklinga skuldast ytre påkjenningar, og var ikkje som følgje av ein feil i chromebooken eller i batteriet.

I Bjerkreim kommune, er det kun dei tilsette som bruker den aktuelle chromebook-modellen. Elevane våre har ein annan modell, med eit anna type batteri. Derfor har me ikkje gjort tiltak knytt til denne problematikken kring chromebook-elevane i Bjerkreim kommune.

Hald fram med å bruka chromebooken som før, men ta vanlege førehandsreglar som gjeld all bruk av elektronikk:  Ikkje lad chromebooken medan du søv eller utan tilsyn. Skru av chromebooken (ikkje berre lukk ned lokket), dersom du skal gå frå den over lengre tid.  

Med helsing,

Lars Kristian R. Larsen
Inspektør 1.-7.