Framside

Velkommen til kommunens nye nettsider!

Storafjellet og Svelavatnet sett frå kommunehuset - Klikk for stort bilete

 

Mandag 11. november 2013 lanserte Bjerkreim kommune heilt nye heimesider med ny grafisk utforming og ny struktur.  Målet er at det skal vera lett å finne fram på sidene og få informasjon om kommunen og dei kommunale tenestene.

Dei nye nettsidene er tenestebaserte i motsetting til dei gamle som var meir nyheitsbaserte.  Det betyr at tenestetilbodet står i fokus og det skal vera enkelt å finne fram til både kommunale og andre offentlege tenester.  Den nye strukturen gjer at det  ikkje lenger er naudsynt å kjenne kommunen si organisering for å finne fram i tenestetilbodet. 

 

I tillegg er det sjølvsagt aktuelt og nyheiter, kunngjeringar, sjølvbetening osv på nettsidene, sjå menyar og lenker på framsida. 

 

Dei nye nettsidene våre er også tilpassa nettbrett og mobil.

 

 

Vi håper du liker det du ser, men ber om forståing for at det i startfasen vil vere feil og manglar ved sidene.  Vi tek gjerne i mot ris og ros, så send ein e-post til postmottak@bjerkreim.kommune.no med innspel og tips til forbetringar. 

 

Språk

Kommunestyret i Bjerkreim har bestemt at Bjerkreim kommune skal ha nøytral målform for administrasjonen.  Du vil derfor finna artiklar på begge målformer på nettsidene våre, men menyar o.l. er på nynorsk.

 

Korleis finne fram?

Informasjon om tenestetilbodet er gruppert i tema som ”Barn og familie”, ”Bustad og eigedom”,  ”Helse, omsorg og sosiale tenester” o.s.v., og under desse vil du finna tilhøyrande undertema og emne med meir informasjon.

Det er snarvegar (knappar) til dei mest aktuelle tenestene på framsida. 

 

Under punktet "Tenester" i toppmenyen finn du oversikt over alle tenestene med tema og undertema.

 

Når du er inne på ei temaside, ligg heile tenestemenyen i venstre kant, og artiklar, informasjon m.m. om tenestene ligg til høgre.  I tillegg til tenestetilbodet i Bjerkreim kommune, vil du under kvart tema finna lenker til andre offentlege nettstader med informasjon om tenestene dei tilbyr.

 

Du kan også bruke søkefunksjonen øvst på sida for å finne fram, men ver obs på at det er artiklar både på nynorsk og bokmål på nettsidene våre.  Prøv derfor å endre søkeorda dersom du ikkje finn det du ønskjer (f.eks skule/skole, heimehjelp/hjemmehjelp, bustad/bolig)

Publisert av Tora-Britt Svela. Sist endra 07.03.2014
Fann du det du leitte etter?
Informasjon (1)