Tidlegpensjon for jordbrukarar

Tidlegpensjonsordninga skal bidra til å lette generasjonsovergangar i jordbruket for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk.

Hensikta er å bidra til tidlegare generasjonsskifte og dermed stimulere rekrutteringa.

Kven kan få tidlegpensjon?

Jordbrukarar som har fylt 62 år og som har drive jordbruk i minst 15 år, kan få tidlegpensjon. Men det blir stilt krav til inntekt i ein referanseperiode på fem år. Dette gjeld både næringsinntekt frå føretaket og anna inntekt. Ein føreset også at landbrukseigedomen er overdregen til ny eigar. Ny eigar kan ikkje vere ektefelle/sambuar.

Meir utfyllande om regelverket for ordninga kan du finna på Landbruksdirektoratet sine sider.

Det har kome ein del endringar i regelverket frå og med 2019.  Mellom anna skal søknaden ikkje  lenger leverast til kommunen, men sendast direkte til statsforvaltaren i Rogaland.  Kommunen har ikkje lenger noko formell rolle i sakshandsaminga.  Litt meir informasjon om desse endringane finst hjå statsforvaltaren.

Søknadsskjema kan hentast hjå Landbruksdirektoratet.

 

 

 

Gerd Siqveland Engelsgjerd
Landbrukssjef
E-post
Telefon 51 20 11 70
Mobil 97 61 85 19