SMIL - Spesielle miljøtiltak i landbruketKommunen løyver tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket sitt kulturlandskap.Føremålet er er å fremje natur- og kulturminneverdiar i kulturlandskapet og å redusere ureining frå landbruket, utover det ein kan vente gjennom vanleg landbruksdrift.Kva kan det søkjast tilskot til? KulturlandskapstiltakTa vare på og leggje til rette for biologisk mangfald og gammal kulturmark knytt til artar som har ekstra fokus (kystlynghei, myrar, slåtteteigar, styvingstre).Fremje tilgjenge og opplevingskvalitet (turstiar, parkering, informasjon).Ta vare på freda og verneverdige bygningar som brukast i landbruksdrifta eller anna næring på landbrukseigedomen. Forureiningstiltak Tiltak som reduserer risikoen for erosjon på jordbruksareal og i vassløp, reduserer avrenning av næringsstoff frå jordbruksareal eller som reduserer forureinande utslepp frå jordbruket til jord, luft og vatn.Reinseparkar, fangdammar, hydrotekniske anlegg, leplanting, jordvollar.Planleggings- og tilretteleggingsprosjektTiltak på tvers av grunneigedomar som t.d. overordna skjøtselsplanar, kart over turstiar, ferdsels- og informasjonstiltak og planlegging av reinseparkar.Bjerkreim kommune har eit eige strategidokument (PDF, 849 kB) for denne ordninga. Der kan du lese meir om ordninga og korleis ho vert praktisert hjå oss.Elles finn du forskrifter og meir informasjon på Landbruksdirektoratet sine sider.Korleis søkje?Det skal også for denne ordninga søkjast elektronisk. Søk elektroniskDei fleste vil kunne fylle ut søknadsskjemaet sjølv ved hjelp av gode forklaringar i sjølve søknadssystemet. Dersom du likevel ynskjer hjelp av landbrukskontoret til å søkje må du ha med deg Bank-ID-brikke eller tilsvarande slik at vi kan få logge deg inn på Altinn.Utbetaling:Det skal leverast inn skriftleg oppmoding om utbetaling av tilskotet saman med ein rapport om måloppnåing i tiltaket. Landbruksdirektoretet har laga ei brukarrettleiing for korleis du kan registrera slik oppmoding om utbetaling digitalt.Du kan og alternativt lasta ned sjølve skjemaet og levera dette til kommunen: Rapporteringsskjema Når du trykkjer over vert skjemaet automatisk lasta ned og du kan opna det som eit Word-dokument. Publisert av Kjell Helland Publisert 08.02.2019 15.09 Sist endret 11.11.2024 11.04