
Ingen nedre grense.
Det er ikkje lenger noko nedre grense verken for areal eller grøftelengde. Sjølv små prosjekt som dette vil det kunna søkjast tilskot til.
Kven kan søkje?
Føretak som eig eller leiger jordbruksareal som tidligare er grøfta, kan søkje om tilskot til drenering. Det kan også bli gjeve tilskot til eigar av jordbruksareal som blir leigt ut. For planerte areal kan det i tillegg bli gjeve tilskot til areal som ikkje er grøfta tidlegare.
Korleis søkje?
Søknader skal frå og med 2019 sendast inn elektronisk.
Elektronisk søknadsskjema
Dei fleste vil kunne fylle ut søknadsskjemaet sjølv ved hjelp av gode forklaringar i sjølve søknadssystemet.
NB! Dersom du likevel skulle ynskje hjelp til å søkje her på landbrukskontoret, så må du ta med deg Bank- ID brikka eller tilsvarande slik at vi får logga deg inn på Altinn.
Det fins mykje god faginformasjon om grøfting og grøftearbeid som kan vera lurt å setja seg inn i før planen vert laga. Noko av det beste i så måte finn du i eit hefte som er laga av Bondevennen i samarbeid med m.a.Fylkesmannen og Norsk landbruksrådgiving og som du kan henta på denne linken:
Drenering Teori og Praksis (PDF, 3 MB)
Du må laste opp kart med grøfteskisse (obligatorisk). Her viser vi eit døme på korleis eit slikt grøftekart kan sjå ut. Her er både systematisk grøfting og enkeltgrøfter.
For å lage ei grøfteskisse er det fint med eit kartgrunnlag. På NIBIO sitt gardskart er det mogleg å lage figurar, teikne inn grøfter og måle areal og lengder. Kartskissa kan etterpå lagrast på ei pdf-fil som kan lastast opp til søknaden. Kartet finst på denne linken:
NIBIO gardskart
I tillegg kan det vere aktuelt at du blant anna lastar opp følgjande vedlegg (ikkje obligatoriske):
- avtale med eigar om å gjennomføre tiltaket dersom grøftefeltet er på leigejord.
- dokumentasjon av tidlegere drenering eller planering
- meir detaljert kostnadsoverslag
Tilskotssatsar:
- Ved systematisk grøfting, profilering og omgraving: 2 000 kr per dekar.
- Ved anna usystematisk grøfting: 30 kr per løpemeter grøft avgrensa opp til 2 000 kr/da
- Frå 1.1.2019 er det ikkje lenger noko minstegrense for kva som kan søkjast om og betalast ut.
Utbetaling:
Når arbeidet er ferdig skal det leverast inn oppmoding om utbetaling på eit fastsett skjema. Skjemaet kan fyllast ut og leverast inn anten
- A: digitalt ved å fylgja denne linken for innlogging til sjølve søknaden.
eller
Det skal også leverast inn eit kart eller gode bilete som viser korleis grøftearbeidet er utført. Meir i detalj om arbeidsfrist og kva som trengs for å få utbetalt tilskot finn du og i løyvingsbrevet som fins i innboksen eller arkivet ditt på Altinn.
Meir informasjon om ordninga kan du finna hjå Landbruksdirektoratet