Tilskot til avløysing under sjukdomTilskotet skal bidra til å finansiere avløysing på gardar med husdyrproduksjon eller heilårs veksthusproduksjon når brukaren som følge av sjukdom eller anna ikkje kan delta i arbeidet på garden. Ordninga skal også bidra til å finansiere avløysing på gardar med planteproduksjon eller honningproduksjon når brukaren som følge av sjukdom eller anna ikkje kan delta i arbeidet på garden i onnetida (15.04 – 01.10). Refusjon av utgifter er avgrensa oppover til ein maksimal dagsats. Alle må søkje elektronisk. Søknaden må leverast innan eit år etter siste dag i perioden du søkjer for. Fylle ut og levere søknad Litt frå regelverket: Ordninga gjeld: Sjukdom Svangerskap/fødsel Adopsjon av barn under 15 år Følgje sjukt barn til behandling Dødsfall NB! Avløysar må vere fylt 15 år og ikkje vere ektefelle/sambuar. Du må ha hatt næringsinntekt frå garden på minst halvparten av grunnbeløpet i folketrygda. Dersom begge ektefellene har arbeid på bruket er det svært viktig at det blir ført minst ein halv G inntekt på kvar. På den måten får begge rett til sjukepengar. Ved langtidssjukemelding vil refusjonen verta avgrensa til 365 dagar i ein 3 års periode. Meir utfyllande om regelverket er å finne på Landbruksdirektoratet sine sider. Frå dag 17. gjeld også sjukepengeordninga. Den skal sørgje for at jord- og skogbrukarar får utbetalt sjukepengar rekna ut frå 100 prosent av sjukepengegrunnlaget frå 17. dag av sjukemeldingsperioden. NAV forvaltar sjukepengeordninga for jord- og skogbrukarar som ein del av si vanlege sjukepengeforvalting, og du må sende søknaden til NAV. Regelverket til NAV og hjelp til å søkje finn du ved hjelp av denne snarvegen: Sjukepengar frå NAV Publisert av Kjell Helland Publisert 08.02.2019 15.10 Sist endret 15.02.2021 13.35
Ordninga skal også bidra til å finansiere avløysing på gardar med planteproduksjon eller honningproduksjon når brukaren som følge av sjukdom eller anna ikkje kan delta i arbeidet på garden i onnetida (15.04 – 01.10). Refusjon av utgifter er avgrensa oppover til ein maksimal dagsats. Alle må søkje elektronisk. Søknaden må leverast innan eit år etter siste dag i perioden du søkjer for. Fylle ut og levere søknad
Du må ha hatt næringsinntekt frå garden på minst halvparten av grunnbeløpet i folketrygda. Dersom begge ektefellene har arbeid på bruket er det svært viktig at det blir ført minst ein halv G inntekt på kvar. På den måten får begge rett til sjukepengar. Ved langtidssjukemelding vil refusjonen verta avgrensa til 365 dagar i ein 3 års periode. Meir utfyllande om regelverket er å finne på Landbruksdirektoratet sine sider. Frå dag 17. gjeld også sjukepengeordninga. Den skal sørgje for at jord- og skogbrukarar får utbetalt sjukepengar rekna ut frå 100 prosent av sjukepengegrunnlaget frå 17. dag av sjukemeldingsperioden. NAV forvaltar sjukepengeordninga for jord- og skogbrukarar som ein del av si vanlege sjukepengeforvalting, og du må sende søknaden til NAV. Regelverket til NAV og hjelp til å søkje finn du ved hjelp av denne snarvegen: Sjukepengar frå NAV
Dersom begge ektefellene har arbeid på bruket er det svært viktig at det blir ført minst ein halv G inntekt på kvar. På den måten får begge rett til sjukepengar. Ved langtidssjukemelding vil refusjonen verta avgrensa til 365 dagar i ein 3 års periode. Meir utfyllande om regelverket er å finne på Landbruksdirektoratet sine sider.
Dersom begge ektefellene har arbeid på bruket er det svært viktig at det blir ført minst ein halv G inntekt på kvar. På den måten får begge rett til sjukepengar. Ved langtidssjukemelding vil refusjonen verta avgrensa til 365 dagar i ein 3 års periode. Meir utfyllande om regelverket er å finne på Landbruksdirektoratet sine sider.
Frå dag 17. gjeld også sjukepengeordninga. Den skal sørgje for at jord- og skogbrukarar får utbetalt sjukepengar rekna ut frå 100 prosent av sjukepengegrunnlaget frå 17. dag av sjukemeldingsperioden. NAV forvaltar sjukepengeordninga for jord- og skogbrukarar som ein del av si vanlege sjukepengeforvalting, og du må sende søknaden til NAV. Regelverket til NAV og hjelp til å søkje finn du ved hjelp av denne snarvegen: Sjukepengar frå NAV