Bjerkreim kommune

Tap til freda rovvilt

Tap til freda rovvilt

Erstatning for sau som er drept av freda rovvilt

I tilfelle der gaupe, jerv, bjørn, ulv eller kongeørn er årsak til tap av husdyr eller tamrein, har dyreeigaren etter §19 i naturmangfaldslova rett til full erstatning. 

Det er utforma eigne forskrifter med retningslinjer for ordninga.

Fagorganisasjonane (Bondelaget, Bonde og småbrukarlaget og Norsk sau og geit)  har gitt ut ein eigen veileder for søknad om erstatning.  Denne inneheld mykje nyttig informasjon om kva som er viktig å vera merksam på og kva som må dokumenterast når du skal søkja erstatning. 

Søknaden skal leverast elektronisk til Miljødirektoratet. Du må logga inn via ID-porten. 

Søk erstatning

Søknadsfristen er 1. november og søknadsskjemaet vert ikkje opna for innsending før 10. oktober.  

Dokumentasjon

Det er viktig å samla dokumentasjon gjennom beitesesongen.  Ved funn av kadaver er det nyttig å ta kontakt med rovviltkontakten i Statens Naturoppsyn som for vårt område er Berit Helland (tlf. 977 03 275).  Ho vil kunna skriva rapport som kan leggjast ved søknaden.