Bjerkreim kommune

Informasjonsside influensa/korona

Spreieareal og husdyrgjødsel

Spreieareal og husdyrgjødsel

Bruk av husdyrgjødsel vert regulert etter 

Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav

Regulerer både lagring og spreiing av husdyrgjødsel, silopressaft m.m.

Viktige tilhøve som bonden må veta om:

  • Lager skal vera tett.
  • Lager skal ha tilstrekkelig kapasitet til lagring i 8 mnd.
  • Husdyrgjødsel skal spreiast i vekstsesongen og seinast 1. sept.
  • Det er forbod mot spreiing på snødekt eller frosen mark (tidlegast 15. februar)
  • Det er krav om godkjent spreieareal og at det enkelte bruk disponerer nok spreieareal i høve til gjødselmengde frå dyra.
  • Fulldyrka og overflatedyrka jord blir automatisk godkjent for spreiing.
  • Innmarksbeite kan brukast til spreiing dersom det er godkjent som spreieareal av kommunen.
  • Utmarksareal kan ikkje godkjennast som spreieareal.
  • Bruk av husdyrgjødsel skal inngå i årleg gjødselplan.  (jfr Forskrift om gjødselplanlegging)

Meir om godkjenning av innmarksbeite som spreieareal:

  • Dei fleste bruk i Bjerkreim har etter søknad fått godkjent spreieareal på innmarksbeite. 
  • Gamle godkjenningar gjeld framleis.
  • Mange bruk har likevel hatt arealendringar som utløyser krav om fornya godkjenning.
  • Landbrukskontoret prioriterer dette og har starta ein systematisk gjennomgang for å oppdatere spreiearealet på innmarksbeite.
  • Det er laga ei kartløysing for registrering av godkjent spreieareal.  Dei som har fått areala sine registrert der kan finna dette på Spreiearealportalen til Temakart Rogaland.   
  • Dersom du treng meir info om korleis du kan finna ditt eige spreieareal kan du lasta ned og lesa  "Sjekke eige spreieareal" (PDF, 536 kB)

   

Kjell Helland
Fagkonsulent
E-post
Telefon 51 20 11 72
Mobil 924 19 908
Svein Olav Tengesdal
Fagkonsulent landbruk
E-post
Telefon 51 20 11 73
Mobil 990 21 019