I tillegg er det gjort nokre unntak i samband med erverv av mindre tomter til bustader og fritidshus, og anna bebygd eigedom. Ved konsesjonsfridom krevst eigafråsegn om dette før overdraging/erverv. Dersom det oppstår tvist som er knytt til fast eigedom, f.eks grensetvistar eller andre uklare privatrettslege forhold, kan jordskifteretten vera rette staden å venda seg til.
Søknad om konsesjon
Søknadsskjema kan lastast ned frå landbruksdirektoratet si nettside. Søknaden skal sendast til kommunen. Det er jordbrukssjef som er saksbehandlar. Søknaden vert behandla av LMT-utvalet som gjer endeleg vedtak i saka.
Ny arvelov - landbrukseigedomar i dødsbu
Frå 01.01.22 trådde § 99 a i den nye arvelova i kraft. Dette inneber at det er ein frist for å overføra landbrukseigedomar (eigedomar med minst 5 dekar jordbruksareal eller minst 25 da produktiv skog) frå dødsbu til ein ny eigar, innan 3 år. Som ny eigar reknast også gjenlevande ektefelle eller sambuar som eigedomen overførast til.
Den nye lova skal hindra at landbrukseigedomar vert verande i eit dødsbu over lang tid. Dette har mellom anna ført til at ingen var ansvarlege for å overhalda bu- og driveplikta. Kommunen får no melding frå tingretten når det inngår ein land-brukseigedom i dødsbu, og kven som er arvingane. Arvingane vil deretter får eit varsel frå kommunen med ein frist for å overføra dødsbuet. Der personen som eigde landbrukseigedomen er avdød før 01.01.22, reknast fristen på 3 år frå lova trådde i kraft. Dersom landbrukseigedomen ikkje skulle verta overført til nye eigarar innan fristen, kan kommunen krevja tvangssal av eigedomen.
Jordskifterettane
Jordskifterettane fungerer som problemløysarar når det gjeld eigedomsforhold. Ved å kontakte Sør-Rogaland Jordskifterett kan du:
- Få svar på generelle spørsmål om jordskifteretten og saksgangen i sakene deira
- Få greie på om det tidligere har vore jordskiftesak som gjeld ein spesiell eiendom
- Rettsmekling mellom partarFå hjelp til å setja opp krav om sak for jordskifteretten
- m.m.
Informasjon om Sør-Rogaland jordskifterett.
Kartverket
Kartverket (har mange oppgåver og mange av desse gjeld eigedom og kart. Dei har ansvar for m.a.fylgjande:
- digitale kart. (Norgeskart, se eiendom, se Havnivå, høydedata)
- tinglysing
- eigedomsinformasjon
- stadnamn
Meir på Kartverket om om temaet eiendom.