Bjerkreim kommune

Informasjonsside influensa/korona

Eigedom

Eigedom

Alt erverv av fast eigedom krev i utgangspunktet konsesjon.
Unntak er overdraging innan nær familie eller odelsberettiga eigedom. I tillegg er det gjort nokre unntak i samband med erverv av mindre tomter til bustader og fritidshus, og anna bebygd eigedom. Ved konsesjonsfridom krevst eigafråsegn om dette før overdraging/erverv.

Dersom det oppstår tivist som er knytt til fast eigedom, f.eks grensetvistar eller andre uklare privatrettslege forhold, kan jordskifteretten vera rette staden å venda seg til.

Søknad om konsesjon

Søknadsskjema kan lastast ned frå Landbruksdirektoratet si nettside.  Søknaden skal sendast til kommunen. Det er jordbrukssjef som er saksbehandlar. Søknaden vert behandla av LMT-utvalet som gjer endeleg vedtak i saka. 

 

Jordskifterettane

 Jordskifterettane fungerer som problemløysarar når det gjeld eigedomsforhold.  Deira arbeidsområde er m.a. 

  • Klargjering av grenser og rettsforhold
  • Endringar av eigedomar og rettsforhold
  • Rettsmekling mellom partar 
  • OSV.

Meir info er å finna på jordskifterettane si heimeside.

Gerd Siqveland Engelsgjerd
Landbrukssjef
E-post
Telefon 51 20 11 70
Mobil 976 18 519