Bjerkreim kommune

Bjerkreim folkebibliotek

Bjerkreim folkebibliotek

Bjerkreim folkebibliotek ligg vegg i vegg med Vikeså skule på Lossvollen. 
Det er eit kombinasjonsbibliotek (folkebibliotek + skulebibliotek).

Biblioteket låner ut bøker, lydbøker, filmar, tidsskrift, aviser og enkelte musikkinnspelingar.  Alt utlån er gratis.

Publikum har også høve til å søka informasjon via Internett.  Internett-søkinga er gratis, men tidsavgrensa. Publikum kan nytta biblioteket sin kopimaskin mot betaling pr. kopi.

Biblioteket hjelper dessutan til med å skaffa bøker og anna materiale frå andre bibliotek, dersom det ikkje finst i biblioteket sine eigne samlingar.  Også denne tenesta er gratis for publikum.

Søk i bibliotekbasen / mine lån

 

Biblioteket

Opningstider

 

Opningstider
Dag Tid
Måndag 15.00 - 19.00
Tysdag 15.00 - 19.00
Onsdag 15.00 - 19.00
Torsdag 12.00 - 15.30
Fredag 12.00 - 15.30
Laurdag Stengt
Utlånsreglar

Utlånsreglar ved Bjerkreim folkebibliotek – oppdatert oktober 2015

Lånerett: Alle frå 1. klasse med adresse i Noreg kan få lånekort mot å visa godkjend legitimasjon. Signatur på lånekortet seier at du aksepterer utlånsreglane. Barn under 15 år må ha underskrift frå føresett på eige skjema.

Lånekort: Alle personlege lånarar må ha lånekort. Du skal ha det med kvar gong du låner. Kortet er personleg, og skal ikkje brukast av andre enn den det er utferda til. Barn under ungdomsskulealder kan likevel låna på foreldre eller føresette sitt lånekort.

Meld frå til biblioteket straks dersom kortet ditt kjem vekk eller blir stole, slik at andre ikkje kan misbruka det. Du er også ansvarleg for å melda frå om endring av namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse.

Lånetida for bøker, lydbøker, tidsskrifter m.v. er normalt 30 dagar. Dersom boka m.v. ikkje er reservert av andre, kan lånet fornyast inntil 3 gonger. Ønskjer du å fornya lånet, må du kontakta biblioteket før lånefristen er ute.

Lånetida for filmar er 7 dagar, og lånet kan normalt ikkje fornyast.

Lånetida for språkkurs er 60 dagar, og kan fornyast.

Lånemengd: Bøker kan du låna så mange du vil av. Om andre materialtypar (t.d. filmar) kan biblioteket bestemma at du berre får låna ei avgrensa mengd kvar gong.

Reservering: Du kan reservera bøker m.v. som er utlånt til andre.

Alt utlån er gratis. Databruk (t.d. internettsøk) er òg gratis.

Kopiar og utskrifter: Betaling følgjer satsane på kommunehuset.

Ansvar: Du er ansvarleg for alle lån som er registrerte på kortet ditt (i ditt namn).

Dei føresette er økonomisk ansvarlege for materiale lånt av barn/ungdom opp til 18 år.

Skadd, bortkome el. ikkje levert materiale skal erstattast etter ein til kvar tid gjeldande minimumssatsar.

Ved fjernlån er det erstatningssatsane for utlånsbiblioteket som gjeld.

Institusjonar må erstatta skadd, bortkome el. ikkje levert materiale etter same reglar som for personlege lånarar.

Purregebyr: Biblioteket krev eit gebyr på for seint innlevert materiale.  Sjå prisar under.

Du pliktar å betala gebyret jamvel om lånematerialet blir levert før purrebrevet når fram.

I andre purrebrev får du varsel om erstatning. Tredje brev er krav om erstatning. Også ubetalte gebyr kan medføra erstatningskrav om dei ikkje blir betalte innan rimeleg tid.

Skuldar du 100 kroner eller meir, må du gjera opp for deg før du får låna på ny.

Grove og gjentekne brot på utlånsreglane kan medføra tap av låneretten.

Satsane for purregebyr og erstatningar vert årleg vedtekne i samband med budsjettet. Sjå prisar under.

Prisar
Prisar biblioteket
Purregebyr og erstatningar Prisar 2019
Første purring kr 30
Andre purring kr 60
Tredje purring/erstatningskrav kr 100 + erstatning
Erstatningar:
Vaksenbok/teikneseriealbum/lydbok kr 360
Barnebok/ungdomsbok/blu-ray kr 260
Tidsskrift/teikneseriehefte/DVD kr 160
Anna materiale Etter vurdering

 

Boksal - posesal

Me har sal av kasserte bøker. Mykje forskjellig. Kom og kjøp! Fyll ein pose for 50 kr. No er der masse skjønnlitteratur for vaksne.

Tips til barnebøker

Bokomtaler

Bokmeldingar frå Pål-André:

Klementina

Forfattar: Sara Pennypacker

Sidetal: 133

Den åtte år gamle modige jenta Klementina fortél om mange misforståelsar ho opplever saman med andre på skulen og ellers i kvardagen hennar i laupet av ei veke. Klementina prøver å hjelpe, men er litt redd for at foreldra hennar er i ferd med å gå lei av henne. Den morosame stemninga i boka kjem klart fram i den enkle teksten og dei fine teikningane.
 

Sprett i håret – sug i magen

Forfattar: Signe Olaug Pederesen

Sidetal: 53

Jonas forelskar seg i Ane som er ny i klassen, men tykkjer det er vanskeleg å vere forelska. Etterkvart blir Jonas betre kjent med Ane, dei har ein første date, går på kino saman, skodespeler saman i ei klasseframsyning, og blir kjærestar på ein klassefest. Ei kjærleikshistorie der den gode stemninga blir vist fram med eit godt og enkelt språk, og med mange fargeglade teikningar. Ei lettlest bok som passar godt for lesarar mellom 10 og 12 år. 

 

Historien om Potet-Isaksen

Forfattar: Eoin Colfer

Sidetal: 98

Ein sommarferie sender foreldra dagleg dei ni og ti år gamle bråkete brørne Alex og Tobben til biblioteket. Bibliotekaren der har rykte på seg for å skyte poteter på barn som lagar så mykje som ein lyd. Korleis skal dette gå? Ei lettlest bok i Leseløve-serien som passer til lesetrening for lesarar mellom omlag 7 og 10 år. Nokre teikningar med fargar. 

 

Luridiumstyven

Forfattar: Bobbie Peers

Sidetal: 238 

Den geniale kodeknekkaren William veit ikkje kvifor hans familie bur skjult i Noreg. Då han løyser verdens vanskelegaste kode på ein skuletur, blir han kidnappa og dratt inn i ei spennande historie med snakkande robotar og annan framtidsteknologi. William får vete kvifor familien hans han har levt i skjul, men han må også finne ut kven som kan hjelpe han. Første bok i ein ungdomsbokserie populær i mange land.

 

Kepler62 : nedtelling

Forfattarar: Timo Parvela og Bjørn Sortland

Sidetal: 159 

Marie vil vekk i frå sitt liv som overbeskytta rikmannsdotter. Etter å ha vunne Kepler62-spelet får ho ein mystisk beskjed om at ho er utvalgt til ei reise i verdensrommet. Er det lov å angre viss ho seier ja, og kven kan ho stole på? Første bok i ein ungdomsbokserie full av skumle, spennande og mystiske hendingar, fine farga teikningar.

 

Bokmeldingar frå Ingebjørg:

David Baldacci: Hjem til jul

Ein mann med erfaring som krigskorrespondent, tar toget tvers over USA for å skriva om reisa i eit vekeblad. Han er på veg heim til kjærasten for å feira jul. Det er mykje som skal skje på denne togturen. Eit par vil eigentleg gifta seg, eit snøras stoppar toget, ein tjuv går visst laus, og han treff ekskjærasten. Til slutt må han ta eit oppgjer med seg sjølv og måten han lever på.

Forfattaren får oss raskt inn i handlinga. Korte setningar og mykje dialog gjev god framdrift. Det er inga juleforteljing, men kanskje det ventar litt julestemning i slutten av boka?

 

Laila Stien: Hjem til jul

I den fyrste forteljinga, ein gong før mobiltelefon er vanleg, reiser ein venninnegjeng på hyttetur. Dei reknar med at mennene deira kjem til å sakna dei.Dei neste stykka i denne samlinga av korte forteljingar, handlar om kva som skjer med venninnene seinare, og med familiane deira. Dei lever vanlege liv, men kva er det som er så vanleg med det? Vil kvinnene finna seg sjølve - eller nokon andre? Dette er heller inga juleforteljing, men det går mot jul likevel. Og kven kjem heim til jul?

Filmbib

Filmbib gir alle med nasjonalt lånekort muligheten til å se norsk kort- og dokumentarfilm helt gratis ved å logge seg på med sitt nasjonale lånekort og PIN-kode.

I Filmbib kan du se kort- og dokumentarfilmer av nyere dato, men også et utvalg av filmer som går tilbake i tid. Du vil finne en unik samling av kortfilmer for både barn og voksne: animasjonsfilmer, eksperimentelle filmer og humoristiske korte historier. Her er også historisk interessante og samfunnsaktuelle dokumentarer og mye mer. Besøk Filmbib ofte! Det blir stadig lagt filmer til i tjenesten.

Lånekort for barn

Alle barn som har byrja på skulen kan få eige lånekort. Barn under 15 år må ha underskrift frå forelder eller føresett for å få lånekort.

Innlevering på Bjerkreim

Nå står det ei innleveringskasse i gangen på butikken på Bjerkreim. Den kan du bruka til å levera alt som skal til norske bibliotek. Kassa blir tømt minst ein gong i veka.

Les e-bøker!

I appen eBokBib kan du låna e-bøker rett til nettbrettet eller smarttelefonen din. Til det treng du lånekort og passord/pinkode frå biblioteket.

For å koma i gang kan du gå inn på ebokrogaland.no.  Der klikkar du deg inn på lenka Brukarrettleiing for eBokBib i Rogaland.  Det ligg også ein demonstrasjonsvideo på YouTube ; søk på Demonstrasjon av eBokBib.  På desse stadene finn du rettleiing.

Dersom du manglar lånekort eller passord, eller har gløymt passordet, må du kontakta biblioteket for å få nytt.

 

 

 

 

 

Fant du det du lette etter?
Bjerkreim folkebibliotek
E-post
Telefon 51 45 93 20
Ingebjørg Nyhus
Biblioteksjef
E-post
Telefon 51 45 93 20
Marit Eikeland
E-post
Telefon 51 45 93 20

Adresse

Vikesågata 62

4389 Vikeså

Kart