1 § 1. Hovudmål
Forskrifta gir informasjon om kva for skriftspråk som skal vere hovudmålet i grunnskulane i Bjerkreim kommune. Hovudmålet skal brukast i den skriftlege opplæringa og i skriftleg kommunikasjon med elevar og foreldre. Det skriftspråket som ikkje er hovudmålet, er sidemålet. Hovudmålet for skulane i Bjerkreim kommune er nynorsk, og sidemålet er bokmål. Hovudmålforma skal brukast i lærebøker, i digitale læremiddel utvikla i opplæringa, og i skriftleg framstilling. Dei norskspråklege trykte og digitale ordlistene og ordbøkene skulen bruker, skal vera godkjende av Språkrådet. Skulen skal bruke skriveprogram som støttar både nynorsk og bokmål, og som følgjer offentleg rettskriving. Viser til opplæringslova § 15-4.