Lærling i Bjerkreim kommune

Flere typer lærlinger Foto - Klikk for stort bilete

 Bjerkreim kommune har plass til ca. 6 lærlingar kvart år, og er godkjent lærebedrift i følgjande fag:
 

  • Barn-ungdom
  • Helse
  • Institusjonskokk

 
Ein har også avtale med Opplæringskontoret i Dalane ved behov for spesielle ordningar.

Når det gjeld opplegg for dei ulike faga, har Bjerkreim kommune valt å gjera det på denne måten:

Barn-ungdom

I Bjerkreim kommune vil ein som lærling i barn-ungdomsfaget starta læretida i ein av barnehagane, for så å fortsetja andre året ved ein av skulane.

Helsefag og Institusjonskokk

Når det gjeld helse- og institusjonskokkefaget vil læretida vera på Bjerkreim omsorgssenter. Helsefaglærlingane vil rotera mellom ulike avdelingar, medan institusjonskokkelærlingen vil ha si læretid på kjøkkenet med varierte oppgåver. Ved behov kan ein også gjera avtale med andre bedrifter for opplæring i ulike emne.

 

Artikkelen held fram under biletet.

Ungdommar Foto - Klikk for stort bilete

Informasjon og rettleiing

Vi ynskjer å informera godt, lytta og gjera oss opp tankar om kva vi kan bli betre på. Alle vert kalla inn til felles informasjonsmøte for lærlingar og instruktørar i kommunen ein gong pr. år. I tillegg får lærlingane tilbod om å delta på samlingar som er lagt opp felles i Dalane så framt tema for samlingane er aktuelle for våre lærlingar.

Kvar lærling får tildelt ein instruktør på si avdeling som har ansvar for dagleg oppfølging. I tillegg vil det vera ein vegleiar som følgjer opp det arbeidet instruktøren og lærlingen til ei kvar tid gjennomfører og har gjennomført. For at lærlingane skal få eit godt fagleg utbytte, motiverer vi dei til å føra opplæringsbok. Opplæringsbok vil lærlingen få utdelt når dei startar, eller på felles informasjonsmøte.

Bjerkreim kommune har utarbeida ei handbok for faglege vegleiarar og instruktørar som er meint å vera eit verktøy i kvardagen. Bjerkreim kommune si rolle i denne samanhengen er, på vegne av den fylkeskommunale opplæringsseksjonen, å bidra til at forholda vert lagt til rette for at den einskilde lærling skal få ei best mogleg opplæring i tråd med læreplanen, og ein best mogleg læresituasjon på arbeidsplassen.

Nye lærlingar vil få utdelt informasjonsbrosjyre som fortel litt om det å vera lærling i Bjerkreim kommune. Her vil ein finna informasjon om så vel rettar som plikter.

Løn

Når det gjeld avløning, skal ein som lærling ha fått utbetalt ei årsløn i 100 % som fagarbeidar fordelt på 2 år som lærling. I tråd med fylket sine retningslinjer fordeler vi den slik: 30%, 40% ¤, 50%, 80% med auke kvart halvår,  men ein kan avvika frå denne hovudregelen på grunn av særskilt læreløp.

Til slutt har vi lyst til å sei litt om dette med antal lærlingar. Vi skriv ca. antal lærlingar, det er fordi ein til ei kvar tid må sjå kva lærlingar som søkjer og kva tilskot dei løyser ut frå fylkeskommunen. Sjølv om ein skulle ønskja å kunna tilby plass til mange, så vil det til ei kvar tid vera eit spørsmål om pengar i ein liten kommune. Mange lærlingar med basis tilskot II vil føra til at ein ikkje kan ta inn så mange som ein i utgangspunktet har plass til.

Når de gjeld generell informasjon om det å vera lærling, viser vi til Rogaland fylkeskommune sine sider for fagopplæring.

Publisert av Tora-Britt Svela. Ansvarleg Monika Asheim. Sist endra 04.08.2017
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Saksbehandlar løn/personal
Tlf: 51 20 11 06
E-post