Rettslege spørsmål

 Norges lover - Klikk for stort bilete

Under dette temaet finn du  informasjon knytt til politi, lovbrot, straff og rettsvesen.

Sjå menyen til venstre for aktuelle undertema og menyen til høgre for relevante artiklar og lenker.

 

Politiet

I Bjerkreim treff du politiet på Bjerkreim lensmannskontor på Vikeså.

Politivedtekter for Bjerkreim

Politirådet i Bjerkreim

 

Namsmannen

Namsmynde førestår tvansfullbyrding mm etter reglane i tvangsfullbyrdingsloven.  Namsmynde er namsmannen og tingretten.  I Bjerkreim er lensmannen også namsmann.

 

Konfliktrådet

Konfliktrådet er ei statleg teneste som gir hjelp til å løysa konfliktar. Konfliktane kan vera mellom private partar eller mellom fornærma og gjerningsperson der ei kriminell handling har funne stad. Målet er at partene gjennom dialog finn fram til løysingar. Løsingane kan vera ulike, for eksempel å gjera opp for konkrete lovbrudd eller å gjenoppretta mellommenneskelege relasjonar.

Konfliktrådet er eit tilbod til alle, uavhengig av alder.

I Bjerkreim er Marius Solberg (tlf. 997 48 798) kontaktperson for oppnevningsutvalget for konfliktrådsmeklere. Tenesta er gratis.

Meir info på  www.konfliktriaadet.no og Konfliktrådet i Sør-Rogaland

 

Forliksrådet

Forliksrådet er det lågaste leddet i rettssystemet for sivile saker og er både ein meklingsinstans og ein domstol.  Saker i forliksrådet kan for eksempel handla om kjøpstvistar, erstatningskrav, nabotvistar eller tvistar i forretningstilhøve.

Sekretær for forliksråda i Dalane er Nina Brambani ved Egersund politistasjon.
Ho kan kontaktast på e-post; nina.brambani@politiet.no eller tlf. 417 58 302.

Kommunestyret i Bjerkreim har vald følgjande medlemmer for perioden 01.01.17 - 31.12.20:

  • Asbjørn Tengesdal - leiar, Torill Dalene Gjedrem og Aarne Undheim.
  • Varamedlemmer: Linda Marie Ø. Frøland, Eric Adolfsen og Wencke S. Olsen.
  • Møtefullmektiger (01.01.14 - 31.12.17):  Jorunn Birkeland, John Skårland og Tor Anton Versland.

 

Domstolane

Domstolane dømmer i både sivile saker og straffesaker.  I tillegg har tingrettane ein del andre oppgåver som tvangssaker, konkurs, vigslar, utferda offentlege stadfestingar og skifte etter arv, skilsmisse og separasjon.

 

Tingretten

Bjerkreim kommune kjem inn under Dalane Tingrett i Egersund.

 

Fri rettshjelp

Har du dårleg økonomi og treng juridisk hjelp kan du søkja om fri rettshjelp.  Dette inneber at staten heilt eller delvis dekkjer utgiftene dine til advokat samt fri sakføring i retten.  Sjå Lov om fri rettshjelp og Fylkesmannen sine nettsider.

Publisert av Tora-Britt Svela. Sist endra 05.09.2017
Fann du det du leitte etter?
Temaside (1)