Avfallshandtering

Alle eigedommar i Bjerkreim kommune er omfatta av tvungen renovasjonsordning, og må betale gebyr for denne tenesta. 

Avfallshandteringa i kommunen vert utført av det interkommunale renovasjonsselskapet Dalane Miljøverk IKS, DIM. Selskapet driv avfallsinnsamling og slamtømming.

 

Kontaktinfo DIM:Logo Dalane Miljøverk - DIM - Klikk for stort bilete

 

Telefon: 51 46 49 90

e-post: post@dim.no

Nettside: www.dim.no

Hentedagar renovasjon:
 

Tømmekalender 2017 og Hentedagskart 

Vekedagen onsdag kjøres ruta:

Tengesdal –Hetland - Vinningland - Bjerkreim - Birkemo - Gjedrem - Vikeså (boligfelta Svelabakken, Hompen, Tjødnaråsen, Vikesdalslia, Risbakken) Vikesdal - Røyslandsdalen - Røyslandfeltet.Fjermedal - Hustoft - Versland - Apeland - Varp - Odland - Orremoen - Holmen - Sagland

Innsamlinga vil starte førstnemnde stad på ruta ca. 07.30. Ved henvendelse om innsamlinga er telefonnummeret til renovasjonsbilen 950 42 913/914.

Annankvar tysdag kjøres denne ruta i veker med oddetal:

Storsheia - Vaule - Bue - Røysland - Moi - Osland - Fuglestad - Birkeland - Nedrebø - Skjæveland - Asheim Ivesdal - Ørsdalen - Grøtteland - Austrumdal - Malmei - Sundvor - Veen - Espeland - Eikeland - Øygard - Hegelstad - Brådli - Spødervoll - Berland –.- Svela - Slettebø - Laksesvela - Holen - Tysland - Ognedal - Gravdal - Eikeland - Steinsland - Gåsland - Skiftingsholen/Hattaskard - Kløgetvedt – Solberg - Lauperak - Tjørn - Hytland – Netland

 

Avfallsstasjonar:

DIM har 3 avfallsstasjonar i Dalane som kan brukast om kvarandre av bustad- og hytteabonnentar i regionen.  I Bjerkreim har vi Vikesdal gjenvinningsstasjon.  Sjå DIM for opningstider.

 

Returpunkt:

Returpunkt er ein ubemanna plass med oppsamlingsbehaldarar for glas- og metallemballasje.  Du finn returpunkt ved Coop-butikkane på Vikeså og på Bjerkreim.

 

Miljøtips:

Du får 20% rabatt på renovasjonsavgifta dersom du velgjer å driva med heimekompostering. Det må i så fall skrivast avtale med DIM, og dei må godkjenna komposteringsdunken.

 

EE-avfall:

EE-avfall er ein felles betegnelse på kasserte elektriske og elektroniske produkt som: komfyr, vaskemaskin, kjøleskap, radio- og tv-apparat, telefon, varmeomnar o.a. elektrisk utstyr.

Private hushald:
Det meste av EE-avfallet frå private hushald kan ein levera til forhandlar av elektriske produkt. I desse butikkane kan du levera EE-avfallet gratis. Ved levering av varer i heimen kan sjåføren ta med kasserte el-produkt tilbake. DIM vil og ta imot kassert EE-avfall frå hushald på Vikesdal avfallsstasjon.

I Bjerkreim kan EE-avfall leverast Coop Vikeså tlf. 51 45 40 20.

Næringslivet:
EE-avfall frå bedrifter kan leverast til mottak på Svåheia Avfallsplass eller til el-butikkane mot gebyr.

 

Dalane Miljøverk IKS

Sist endra 01.06.2017
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Leiar serviceavdelinga
Tlf: 51 20 11 60
E-post  
Temaside (1)
Gebyr og prisar (1)