Turist i Bjerkreim

Gloppedalsura i Bjerkreim. Foto - Klikk for stort bileteGloppedalsura i Bjerkreim. Foto

Bjerkreim kan by turistar rekreasjon og opplevingar i ein rik og variert natur og eit velstelt kulturlandskap. I tillegg har kommunen fleire andre ting som er verd å oppleve. Sjå òg artikkelen "Severdigheter i Bjerkreim" i menyen til høgre, der du mellom anna kan lese om Kløgetvedttunet og Ørsdølen.

 

Gloppedalsura er kjent for sine steinar - store som fjell - og som arena for dramatiske krigshandlingar mellom nordmenn og tyskarar under andre verdskrigen. Besøkjer du Gloppedalsura er du like ved Byrkjedalstunet der du kan kjøpe god mat og besøkje lysstøyperiet der.

Apparat til leik, balanse og klatring på Vikeså - Klikk for stort bileteApparat til leik, balanse og klatring på Vikeså

 

Det er bygd ein aktivitetspark ved Svelavatnet i sentrum av Vikeså. Her er det apparat som innbyr til leik, klatring og balanse.

Alltid ope, heilt gratis!

 

 

I Bjerkreim finn du eit flott turterreng med mange merka løyper.  Det finst mange små og idylliske badeplassar. Fiskemulighetene er gode – både etter laks i Bjerkreimselva og innlandsfiske etter aure og røye.

 

Bjerkreim kan ikkje lokka med ”turismagnetar” som fritidsparkar, yrande natteliv m.v., men søkjer du også dette, er avstanden kort til t.d. Kongeparken Fritidspark på Ålgård og til byane i fylket.

 

Vegen er heller ikkje lang til Jærstrendene og til attraksjonar som Preikestolen og Kjerag ved Lysefjorden, Månafossen i Gjesdal osv.

 

Turist informasjon:

Vikeså Veiservice AS, tlf. 51 45 97 00, fax 51 45 97 01

E-post: veiservi@frisurf.no

 

Opningstider:

  • man - fre  07-23
  • lørdag        08-23
  • søndag      09-23
Publisert av Tora-Britt Svela. Sist endra 07.07.2016
Fann du det du leitte etter?
Temaside (1)
Artikkel med kontaktperson (1)