Næringsfondet

Pittergarden på Vikeså. Foto - Klikk for stort bilete

Her finn du retningslinjer for Næringsfondet i Bjerkreim kommune.

Strategisk næringsplan for Dalane skal vera retningsgjevande for arbeidet med næringsutvikling i dei 4 kommunane.

 

Søknadsfristene er 1. mai og 1. november

 

Retningslinjer for bruken av næringsfondet i Bjerkreim kommune

 

Vedtekne av Bjerkreim kommunestyre i sak 6/08, den 06.02.2008.

 

1. Innleiing

Desse retningslinjene avløyser tidlegare retningslinjer vedtekne av Kommunestyret den

15.12.04 i sak 68/04. Retningslinjene er tufta på ”Standardvedtekter for kommunale næringsfond (kraftfond) gitt i vannkraftsaker” gjeve av Kommunal- og regionaldepartementet; rundskriv H-17/98.

 

2. Tilhøvet til kommunale og interkommunale planar

Fondsstyret vil ved vurdering av søknader om næringsfond, leggja vekt på dei målsetjingar og strategiar som ligg i kommuneplanen for Bjerkreim og Strategisk næringsplan for Dalane.

 

2.1. Tilhøvet til kommuneplanen for Bjerkreim kommune

I kommuneplanen for Bjerkreim er det utpeikt fylgjande målsetjingar for kommunen sitt arbeid med næringsutvikling i Bjerkreim for perioden 2006 til 2018:

  • Gje næringslivet optimale forhold
  • Ivareta dei eksisterande og skaffa nye bedrifter i kommunen
  • Tilretteleggja for nye arbeidsplassar
  • Byggja opp kompetansen hjå næringsdrivande
  • Regulera inn areal og klargjera dei til næringsformål

Fondsstyret vil arbeida for å oppfylla desse målsetjingane.

 

2.2. Tilhøvet til strategisk næringsplan for Dalane

Strategisk næringsplan for Dalane skal vera retningsgjevande for arbeidet med næringsutvikling i dei 4 kommunane. Hovudmålsetjingane for perioden 2003 – 2007 (ny plan i 2008):

  • Ungdom skal koma tilbake til Dalane etter fullført utdanning
  • Dalane skal vera ein attraktiv region for nyskaping
  • Dalane sin regionale identitet skal styrkast
  • Lær meir her
  • Dalane må verta betre kjent i og utanfor Rogaland
  • Utbygging av nødvendig infrastruktur

Fondsstyret vil ta omsyn til desse målsetjingane.

 

3. Prioriteringar

Fondsstyret vil leggja fylgjande prioriteringar til grunn for arbeidet framover:

 

3.1. Målgrupper

Fondsstyret i Bjerkreim vil i særleg grad prioritera:

  • Nyetablering av lønsam næringsverksemd i Bjerkreim kommune.

 

3.2. Næringar

Utnytting av natur- og kulturgitte fordelar er satsingsområde for næringsutviklinga i Dalane.

Elles er vidareutvikling av eksisterande verksemder eit mål for arbeidet i Bjerkreim.

Fondsstyret ynskjer ikkje å prioritera enkeltnæringar særskilt, men vil leggja vekt på å oppfylla dei mål som er sette for arbeidet med næringsutvikling i kommunen og Dalaneregionen.

Fondsstyret legg vidare vekt på å prioritera utnytting og vidareforedling av lokale råvarer, samt vidareutvikling av lokale produkt.

Fondsstyret vil presisera at lønsemd, sysselsetjing og utviklingspotensiale vil vera avgjerande for disponeringa av næringsfondet. Ingen har krav på støtte. Marknadssituasjonen og tilhøvet til etablerte konkurrerande verksemder i kommunen, skal vega tungt i vurderinga av søknader om næringsfond.

 

4. Stønadsform/Stønadsnivå

Stønad frå fondet kan gjevast som tilskot eller lån. Fondsstyret avgjer lånevilkåra.

Kommunal- og regionaldepartementet har sett opp fylgjande vilkår for stønad frå kommunale næringsfond: ”Samlet finansiering fra fondet til private næringstiltak skal som hovedregel ikke overstige 50 % av det totale kapitalbehov for et prosjekt. Ved prosjekt av særleg betydning for kvinner og ungdom, og ved nyetableringer kan det gis inntil 75 % finansiering.”

Kommunen kan sjølv fastsetja lågare stønadssatsar.

Sidan Bjerkreim får tilført avgrensa med midlar i konsesjonsavgifter og renteinntekter, kan stønaden berre vera ei lita oppmuntring. Støtta skal vurderast opp mot investeringsomfang og sysselsettingseffekt.

 

5. Tilhøvet til administrasjon – Saksbehandling - Søknadsfristar

LMT-utvalet fungerer som fondsstyre, og skal behandla søknadene om stønad frå næringsfondet.

Det skal vera 2 søknadsfristar i året: 1. mai og 1. november. Rådmannen har fullmakt til å avgjera søknader der omsøkt beløp ikkje er større enn kr. 7.000.

Klage på vedtak gjort av rådmannen vert behandla av LMT-utvalet, medan klage på vedtak i fondsstyret vert avgjort i Formannskapet (kommunen sitt klageorgan).

Det skal setjast følgjande vilkår ved tildeling av midlar frå næringsfondet.

  • Arbeidsfrist – vanlegvis eitt år frå løyvingsdato.
  • Tildelinga er anmodningstildeling; midlane vert utbetalte ved framlegging av dokumenterte utgifter. 25 % av midlane vert haldne igjen til prosjektet er ferdiggoddkjent.
  • Krav om tilbakebetaling av tildelte midlar kan fremjast om prosjektet vert avslutta, eller om midlane vert nytta til anna enn det omsøkte prosjektet.

Prosjekt som har fått tildelt midlar frå næringsfondet skal fylgjast opp av administrasjonen.

Publisert av Karsten Mydland. Sist endra 11.08.2015
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Landbrukssjef
Tlf: 51 20 11 70
E-post  
Temaside (1)