Skogsvegar og driftsforhold

Tømmer på lunneolassen. - Klikk for stort bileteTømmer på lunneolassen.  

Storparten av det økonomiske drivverdige arealet i Bjerkreim kan gjerast tilgjengeleg for rasjonell drift ved ei fornuftig vegbygging. Siden 2011 har det vært arbeidet med kommunale hovedplaner for skogsveger.  I Bjerkreim har en digitalisert alle eksisterende skogsveger.  I tillegg har ein forsøkt å tegne inn nødvendige framtidige skogsbilveger. I dette arbeidet har ein sett bort frå eigedomsgrensar, då nabosamarbeid vil vera nødvendig for å bygge fleire av disse vegane.

Driftsforholda er vekslande frå flatt terreng til bratte lier. Marka er til dels myrlendt og ofte ligg det store steinar på overflata. Under myra og steinane er det som oftast gode masser. Dette gjer sitt til at ein kan bygga billige skogsvegar i kommunen (bilete 4). Ein kan jamvel forsvare å bygge skogsvegar fram til bjørkeliene fleire stader i kommunen.

Vegdekninga i Bjerkreim er nokså likt gjennomsnittet i Rogaland, og er ca 3,3 m/hektar. Vegdekninga på landsbasis er om lag 9 m/ha, om lag 60 % av dette er reine skogsbilvegar. Det offentlige vegnettet som har tyding for virkestransporten utgjer om lag 3 m/ha av total vegdekning (st. meld. nr. 17, Skogmeldinga). Ein går ut i frå at det offentlege vegnettet i Bjerkreim har den same vegdekninga som landsgjennomsnittet. Med dette utgangspunkt ser ein at kommunen har ein vegtettleik på 6,3 m/ha, altså godt under landsgjennomsnittet.

 

Publisert av Karsten Mydland. Sist endra 31.10.2013
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Skogbrukssjef
Tlf: 51 20 11 74
E-post  
Temaside (1)