Skogplanting

Plantefelt i vinterdrakt - Klikk for stort biletePlantefelt i vinterdrakt  

 

Alt i 1872 starta staten å gi tilskott til skogreising, og eit av dei fyrste felta i Rogaland vart planta nettopp i Bjerkreim.

Staten og A/S Skog kjøpte opp snaumark i kommunen for så å tilplante denne. I dag syner Hetland og Røysland statsskog og Lienskogen på Svela resultata av denne plantinga.

Kommunen hadde eigen skogtenestemann fram til 1983. Etter denne tid har det vore eit samarbeid med Eigersund,  og etter kvart Sokndal.  I dag har ein 40% stilling for å ta seg av skogsakene.

Utmarkskomiteane hadde i starten på 60-åra ein gjennomgang av skogreisingsmark i kommunane. For Bjerkreims vedkommande vart det registrert 87.481 daa snaumark eigna til planting. Vidare vart det registrert 3.169 daa lauvskog eigna til treslagskifte. Totalt 90.650 daa, som svarer til 36.5 % av areala under 300 m.o.h. For å klare og plante dette arealet dei neste 50 åra, måtte ein nyplante ca 1.800 daa/år. Året 1959 planta ein faktisk 1.847 daa, men det er det einaste år ein har vore i nærleiken av utmarkskomiteen si målsetting.  I dag er Bjerkreim saman med Tysvær pilotkommuner vedrørende etablering av klimaskoger.  Klima og energiplanen legg også opp til mye skogplanting for å redusere utslippet av karbondioksid.  Granskogen og ikke minst sitkaskogen binder som kjent store mengder C02

Dalane er utpeika som eit optimalt område for planting av lerk (bilete 3). Ja, kanskje det beste i landet. Sagbruka i distriktet har også lært seg til å bruke dette treslaget på ein framifrå måte. Sjølv om grana i dag er det dominerande treslag som har vore planta, kjem lerka på ein god andreplass. Planta furu er og vert vanskeleg å få fin i området, og kan vanskeleg nyttas til anna enn ved. Ein reknar med at grana produserar meir enn 4 gongar så mykje som naturskogen.

 

 

Fram til og med 1996 vart skogbruket i kommunen stimulert med eit kommunalt tilskot på inntil 25 % av godkjente kostnader. Dette var svært viktig for skogreisinga i kommunen, og figur 6 viser ein dramatisk nedgang i plantinga då denne vart redusert. Eit unnatak er plantinga i 2000. Dette forklarast med overførte midlar frå 1999 og ei omlegging av tilskotet.

 

Figur 6. Planteaktivitet i Bjerkreim kommune dei siste ti åra i tal dekar.

 

 Skal få nye tall fra Fylket!

 

Publisert av Karsten Mydland. Sist endra 07.11.2013
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Skogbrukssjef
Tlf: 51 20 11 74
E-post  
Temaside (1)