Skogbruket i Bjerkreim

Skogsvegen er viktig for friluftalivet - Klikk for stort bileteSkogsvegen er viktig for friluftalivet  

Bjerkreim har i dag små areal att av dei store furu- og eikeskogane som dekka landskapet for 2 – 3000 år sidan. Restane av fordoms skogar finn ein i dag i myrane. Kva som skyldast den store avskoginga kan ein berre spekulere i, men i myrane finn ein restar etter minst to store brannar. Gamle segn fortel at skogen vart svidd av for å halde rovdyra unna buskapen.

Rovhogst og beiterydding har også vore svært utbreidd i tidligare tidar. På 1500 – talet var eikeskogen i Eikebrekka kjent langt utover landets grensar som kvalitetstømmer til skipsbygging. Danskekongen bestemte den gong å nekte hogst og sal av dette tømmeret. Han ynskte å nytte tømmeret til bygging av eigne skip. I dag er det berre namnet att som fortel om eikeskog her.

Den naturlige skogen består i dag av: furu, bjørk, eik, svartor, rogn og osp. I tillegg finst sprette førekomstar av lind og alm. Restar etter dei store furuskogane finn ein frå grensa til Eigersund, forbi Berse, opp til Storavatnet og vidare til Austrumdal.

Ein har ikkje føretatt nokon nøyaktig kontroll av skogareala i kommunen sidan dei økonomiske karta vart laga i slutten av 70-åra. Den som har følgt med naturen dei siste 30 åra har opplevd å sjå korleis utmarka er i ferd med å gro til (bilete 1). Ikkje med voksterlig planteskog, men med bjørkekratt. Såleis er mykje av areala som jordregisteret frå 1981 har definert som skogreisings-mark i dag tresett.

Publisert av Karsten Mydland. Sist endra 19.10.2015
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Skogbrukssjef
Tlf: 51 20 11 74
E-post  
Temaside (1)
Artikkel med kontaktperson (1)
Retningslinjer (1)