Klimaskog

Klimaskog.jpg - Klikk for stort bilete

Rogaland er, saman med Nordland og Nord-Trøndelag, deltakarfylke i den nasjonale treårige pilotfasen «planting av skog på nye areal som klimatiltak». 

Satsinga er eit resultat av Stortinget sitt klimaforlik i 2012. Prosjektet inneber eit samarbeid mellom ulike interessegrupper innan skognæring, naturmangfald og klima, og er ei sjeldan tverrsektoriell satsing som involverer Landbruks- og matdepartemenet, Klima- og miljødepartementet, Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet, Fylkesmannen, fylkeskommunen og kommunane. I Rogaland er Tysvær, Bjerkreim og Eigersund pilot-kommunar.  I Bjerkreim er håpet å få plante til ca 1000 daa . Det vil være mest aktuelt å finne plantefelt øst i kommunen. Vest i kommunen er det nye som er begrenset på grunn av kystlynghei

Fakta om pilotprosjektet:

Mål
Målet med satsinga er auka opptak av karbon i skog gjennom planting på nye areal. Gjennom prosjektet skal vi hauste erfaringer med; klimaeffekt, miljøkriterier og gjennomføring. Rogaland har mål om å plante 3000 dekar i løpet av prosjektperioden.

Finansiering
Pilotprosjektet dekker alle kostnader knytt til etablering av plantefelt. Pilotkommunane får midlar for å utarbeide temaplan og gjennomføre tiltak.

Krav
Kun norske treslag skal plantast, og plantinga skal skje på opne areal og areal i tidlig attgroingsfase. Areala skal ha høg produksjonsevne, og forventa endring i albedoeffekt skal vere låg. Plantinga skal skje på areal som ikkje er viktige for naturmangfald, friluftslivsinteresser, viktige kulturhistoriske verdiar eller verdifulle kulturlandskap.

Klima– og miljødepartementet legger i 2015 opp til å bruke 15 millionar kroner på arbeidet med klimaskogprosjektet. Dette inneber at nye areal som enten ikkje er halden i hevd eller gror igjen med lågt produserande treslag skal brukast til planting av klimaskog.

Planting av klimaskog er et viktig arbeid for å få bort CO₂. Ett tre binder 1,6 tonn CO₂. Og vi skal plante ca 250000 grantrær i Bjerkreim kommune. Det er viktig å støtta tiltaket som har som mål å auka CO₂ opptak gjennom planting av skog på nye areal.

Les meir om prosjektet på Fylkesmannen i Rogaland sine nettsider her.

 

Publisert av Karsten Mydland. Sist endra 10.10.2016
Fann du det du leitte etter?