Spreiing av husdyrgjødsel

 

doff-x11-IMG_1617.jpg - Klikk for stort bilete

Me vil berre minna om fristen for all overflatespreiing av husdyrgjødsel som er den 1. september. Med ein tidleg vår, vart både 1. og 2. slåtten hjå dei fleste tidlegare enn normalt. Vi reknar derfor med at så og seia alle har fått køyrt ut den gjødsla dei skal, og tømt lagera sine. Sjølv om nokre også planlegg ein 3. slått, har grasplantene ikkje næringsmessig trong for fosforgjødsel no på hausten.

 

Det vil derfor ikkje verta gitt ein generell dispensasjon for utsetjing av fristen for spreiing av husdyrgjødsel. Så køyr ut hevda no fram til og med måndag 1. september - når vermeldingane heldigvis også er gode.

 

Landbrukssjefen

 

 

Publisert av Tora-Britt Svela. Sist endra 20.10.2016
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Landbrukssjef
Tlf: 51 20 11 70
E-post  
Teneste (1)