Sjukdomsavløysing i landbruket

molkestall.JPG - Klikk for stort bilete

Tilskot til avløysing ved sjukdom mv skal bidra til å finansiera avløysing på driftseiningar med husdyrproduksjon eller heilårs veksthusproduksjon under sjukdom. 

Ordninga skal òg bidra til å finansierea avløysing på driftseiningar med planteproduksjon eller honningproduksjon under sjukdom ved onneperiodar.

 

Målgruppe:

Brukarar og ektefelle/sambuar som på grunn av sjukdom mv. ikkje kan delta i arbeidet på driftseininga.

 

Saksgang / framgangsmåte:

Bruker søkjer på eige fastsett skjema som du finn i menyen til høgre.

Til søknaden må det leggast ved kvitteringar for betalt arbeidsgivaravgift, betalt skattetrekk eller frikort, betalte feriepengar og bekrefta likning. Ved bruk av avløysar tilsett i avløysarlag må det leggast ved dokumentasjon frå avløysarlaget over utført avløysing.

Ved bruk av landbruksvikar må det leggast ved kvittering for betalt avløysing.

Til søknaden må det også leggast ved sjukemelding ved sjukdomsavløysing eller liknande dokumentasjon i andre tilfelle.

 

Etter at fullstendig søknad med naudsynte vedlegg er levert kommunen, innhentar kommunen opplysningar frå NAV og Skatteetaten.  Det er serviceavdelinga som behandlar søknadane.

Etter behandling i kommunen, vert søknaden oversendt Fylkesmannens landbruksavdeling for utbetaling.


Kriterier og vilkår:

Brukar kan få tilskot til leige av avløysar ved:
- Sjukdom
- Svangerskap/fødsel
- Adopsjon av barn under 15 år
- Følgje av sjukt/funksjonshemma barn til sjukehus
- Sivilforsvarsøving
- Dødsfall

Lenker til aktuelt regelverk finn du i høgremenyen.

 

Søknad m/vedlegg sendast til:

Bjerkreim kommune, Postboks 17, 4389 Vikeså

Sist endra 28.10.2013
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Saksbehandlar
Tlf: 51 20 11 61
E-post  
Teneste (1)
Artikkel med kontaktperson (1)