Skjenkeløyve

Fast skjenkeløyveSkjenker vin i glass. Foto - Klikk for stort bilete

Alle som driv ein serveringsstad der det vert servert alkoholhaldig drikk, må ha eit skjenkeløyve. Løyvet kan ikkje gis ålene, det må òg liggja føre eit serveringsløyve. Vanlegvis vert skjenkeløyve gitt for ein kommunestyreperiode, det vil seie 4 år.

Alle eksisterande skjenkestader i kommunen må søkja om skjenkeløyve på nytt kvart fjerde år.  Nyetableringar må søkja om skjenkeløyve før oppstart av verksemda.  Søknad om skjenkeløyve skal opp til politisk handsaming og vert avgjort av kommunestyret.

 

Skjenkeløyve for eit einskilt høve og ambulerande løyve

Tildeling av ambulerande løyve og løyve for eit einskilt høve er delegert til admistrasjonen.  Det er serviceavdelinga som handsamer desse søknadane.

Ambulerande skjenkeløyve vert nytta om det er eit slutta lag som skal ha skjenkeløyve.  Det vil seia at ein på førehand veit kven som deltek på arrangemenet.

Skjenkeløyve for eit einskilt høve gjeld arrangement som er opne for publikum.  Kommunen vil i slike tilfelle innhenta uttale frå lensmannen og sosialtenesta.

Er du i tvil om kva type løyve du skal søkja om, les meir om forskjellige typar skjenkeløyve - eller ta kontakt med serviceavdelinga.

Det vert krevd inn gebyr for kvart løyve som blir gitt.

 

Skjenketider i Bjerkreim kommune

Alkoholhaldig drikk med 22 % alkohol eller meir:
Alle dagar frå kl 13.00 til kl 24.00
Alkoholhaldig drikk med mindre enn 22 % alkohol:
Alle dagar frå kl 08.00 til kl 01.00
 

Publisert av Tora-Britt Svela. Sist endra 11.08.2015
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Leiar serviceavdelinga
Tlf: 51 20 11 60
E-post