Serveringsløyve

 Servering av eit måltid mat. Foto - Klikk for stort bilete

Det må søkjast om serveringsløyve for å kunna driva serveringsstader der det skal serverast mat og/eller drikke og kor det er lagt til rette for fortæring på staden.  Dette betyr at stort sett alle serveringsstader, også pølsekioskar, gatekjøkken, bensinstasjonar, reine kaffibarar m.m. må ha serveringsløyve. 

 

Dersom serveringsstaden også skal skjenka alkohol, må det i tillegg søkjast om skjenkeløyve.

 

Serveringsløyvet gjeld kun for den serveringsstaden det er søkt løyve for og den innehavaren som er oppgitt i løyvet.

Styrar for serveringsstaden må ha bestått etablerarprøva før serveringsløyvet blir gitt.

 

Det er kommunen som gir serveringsløyve. 

I tillegg må ein melda frå om serveringsstaden til Mattilsynet. For meir informasjon om denne melde- og registreringsplikten, sjå nettsida til Mattilsynet.

Publisert av Tora-Britt Svela. Sist endra 11.08.2015
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Leiar serviceavdelinga
Tlf: 51 20 11 60
E-post  
Teneste (1)