Forskjellige typar skjenkeløyve

Kva type skjenkeløyve treng ein til eit arrangement med alkoholservering? 

 

 

Skjenker vin i glass. Foto - Klikk for stort bilete Løyve for einskild høve:
Kommunen kan gi løyve for einskild høve. Løyvet må knyta seg til ein bestemt begivenhet, og det vert gitt særskilt løyve for kvart arrangement. Det er ikkje krav om at løyvet må gis ein slutta krets av personar. Det er vanleg at alkoholen blir omsett ved sal på omsøkt stad. Før løyvet vert gitt vert det innhenta uttale frå politi og sosialmyndighet.

 

Ambulerande løyve:
Dersom ein ved bryllaup og andre jubileum skal ha bar med sal av alkohol eller denne skal serverast av innleidde firma, kan ein søkje ambulerande løyve.

For å få ambulerande løyve må det før skjenkinga tek til vera danna eit slutta selskap som vert samla for eit bestemt føremål. Medlemmene av selskapet må danna ein slutta krets av personar der utanforståande ikkje kan koma inn. Deltakarane må ha ein eller annan tilknyting til den eller dei som inviterer til selskapet og til kvarandre. Det er ikkje nok at ein før skjenking tek til skriv seg på ei liste eller kjøper billettar. Det er heller ikkje nok at talet på gjester er avgrensa, eller at arrangementet i innbydinga er beteikna som ”slutta selskap”. Klubbar og liknande med begrensa medlemsskap vert ikkje i seg sjølv rekna for slutta selskap.

Det er ikkje krav om at det skal hentast uttale frå politi- eller sosialmyndigheiter før det vert gitt ambulerande løyve.

Typiske arrangement kan vera firmafest, bryllaup, vennelag.

 

Fritak for plikt til å søkja om løyve:
Privatpersonar som skal halda arrangement i lokalar som vert leigd eller lånt for eit einskild høve på same måte som dei elles ville halde arrangementet heime hjå seg sjølv, treng ikkje søkja løyve dersom det på grunn av selskapet sin størrelse eller omgivingane elles ikkje er muleg eller ønskeleg å arrangere selskapet heime.

Det er eit vilkår at leigaren må medbringa eigne drikkevarer, og at desse vert servert utan vederlag (ikkje sal). Det er og eit vilkår at dersom ein bestiller mat frå innleidde firma, kan desse ikkje involverast i innkjøp eller servering av alkohol.

Typiske arrangement kan vera: fødselsdagar, bryllaup, vennelag.

Er du i tvil om kva type løyve du skal søkja om , ta kontakt med Bjerkreim kommune!

 

Publisert av Tora-Britt Svela. Sist endra 11.08.2015
Fann du det du leitte etter?
Artikkel med kontaktperson (1)
Retningslinjer (1)
Eksterne lenker (1)