Jakt og fiske

 

Alt vilt er freda dersom ikkje anna er bestemt i lov eller vedtak med heimel i lov.  Direktoratet for naturforvaltning fastset jakttida for dei jaktbare artane, men kommunen kan forlengja eller forkorta denne for enkelte artar.

Det er gitt lokale forskrifter om jakt og fiske i Bjerkreim kommune, sjå lenker i høgremargen.

Jakt og viltforvalting

Elgfall Foto: brreg.no - Klikk for stort bilete brreg.no

Viltnemnda (LMT-utvalet) er ansvarlig for den kommunale viltforvaltinga. Dei har delegert mynde frå kommunestyret i alle saker der kommunen gjer vedtak eller gir uttalelse (ikkje fastsetjing av forskrifter) etter viltlova m/ forskrifter.

Skogbrukssjefen er viltnemndas sekretær.

Forvaltning av storvilt er ei viktig oppgåve som kommunen har.  I Bjerkreim kommune er det opna for jakt på elg, hjort, rådyr og bever.

 

Kommunen er myndigheit for det meste av viltforvaltninga, medan fylkesmannen har ein rettleiings- og kontrollfunksjon og er klagemyndigheit.

 

Alle som driv jakt og fangst, må vera registrert i jegerregisteret og betale ei årleg jegeravgift.  I tillegg må ein løyse jaktkort eller innhente løyve av grunneigarane.  Oversikt over felte dyr er registrert i Hjorteviltregisteret. Her finn ein oversikt over felte dyr i alle fylke og kommunar i landet.

 

Kommunen tek seg av fallvilt av elg, hjort og rådyr.

Ved påkjørsel og skade av vilt skal politiet kontaktas snarast råd.  Politiet vurderer vidare om ettersøksekvipasje blir sett inn for sporing og avliving av skada vilt.

Melding om skada vilt i Bjerkreim kan gis til Hans Petter Tønnessen mob. 976 55 494

 

Fellingstillatelse

Retten til å jakta tilhøyrer i utgangspunktet grunneigaren.  Fellingstillatelse for elg, hjort, rådyr og villrein vert tildelt etter godkjente vald (det geografiske området som jakta skal føregå i) utan årlig søknad. 

For småvilt krevast ikkje fellingstillatelse.

Dåhjort kan jaktast i heile landet uavhengig av minsteareal, kvote eller godkjent vald.

Det er ikke fellingsavgift for rådyr.  Kommunen fastset fellingsavgift for elg og hjort.

 

Fiskeforvalting

Bjerkreim kommune deltek i arbeidet med å bevara og forvalta fiskeressursane. Kommunen har siden årstal?? arbeidd for å dempa skadene av sur nedbør gjennom eit aktivt kalkingsarbeid.   

Her kjem info om kalkingsarbeidet som er gjort....

Det kan søkjst om tilskot til kalking og lokale fisketiltak.  Aktuell informasjon fås ved henvending til kommunen.

Publisert av Tora-Britt Svela. Sist endra 04.08.2017
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Skogbrukssjef
Tlf: 51 20 11 74
E-post  
Temaside (1)
Artikkel med kontaktperson (1)