Kommunale tilskot til kulturaktivitetar

Kulturkontoret har fleire støtteordningar:
- Kulturstønad som er driftsstønad til lag/organisasjonar (frist 15. mai)
- Stønad til årlege arrangement (frist 10. febr./10. sept.)
- Tiltaksstønad (frist 10. febr./10. sept.)

Søknadsskjema finn du i høgre marg både som pdf-fil og som worddokument. 

 

Kulturmidlar
Desse midla vert fordelte ut frå medlemstal og aktivitet. Organisasjonar med mange barn og unge som medlemmer får høgare stønad enn dei med vaksne medlemmer.

 

Tiltaksstønad
Desse kriteria ligg til grunn for fordeling av tiltaksstønad:

  1. Tal medlemmer i organisasjonen/samanslutninga.
  2. Tiltaksmidla skal stimulere til nye tiltak i kommunen og i hovudsak ikkje gå til arrangement/tiltak som er årvisse.
  3. Budsjett – må vise inntekter og utgifter.
  4. Nedslagsfelt for tiltaket.
  5. Kor mange personar tiltaket involverer.
  6. Om tiltaket har ein kortvarig eller langvarig effekt.
  7. Maksimalt tilskot er på kr 5 000, og ein får ikkje tilskot til å dekke meir enn ein halvparten av utgiftene. Kan òg bli gjeve som underskotssgaranti.
  8. Om tiltaket er avhengig av stønad for å kunne gjennomførast.
  9. Søknaden skal vere sendt inn før tiltaket vert gjennomført.
  10. Det er søknadsfrist 10. februar og 10. september. Søknadar som kjem inn etter desse datoane vert liggande til neste frist.
  11. Stønad vert utbetalt etter at tiltaket er gjennomført og rekneskap sendt inn til kommunen.

 

Stønad til årlege arrangement
Desse kriteria ligg til grunn for fordeling av stønad til årlege arrangement:

  1. Arrangementa skal i hovudsak ha større nedslagsfelt enn organisasjonen/laget sine medlemmer
  2. Det skal vere eit arrangement med stor eigenverdi
  3. Arrangementet/tiltaket kan gjerne vere laga av einskildpersonar, ikkje eit lag/organisasjon
  4. Søknadsfristane er 10. februar og 10. september, søknaden må innehalde budsjett og ei kort skildring av tiltaket, søknaden skal leverast før tiltaket vert gjennomført
  5. Maksimal støtte er 50 prosent av totale utgifter og maksimalt støttebeløp er kr 5000. Stønaden kan òg bli gjeve som underskotsgaranti
  6. Ved søknad frå organisasjonar som får kulturstøtte, vil kommunen vurdere om aktiviteten bør reknast som ein ordinær del av lagsarbeidet
Publisert av Astrid Apalset Vassbø. Sist endra 13.06.2017
Fann du det du leitte etter?
Temaside (1)
Artikkel med kontaktperson (2)
Artikkel (1)