Idrett og idrettsanlegg

Rulleskiløype i bruk - Klikk for stort bileteRulleskiløype i bruk

I september 2013 vart Rogalands første rulleskiløype opna på Vikeså. Løypa er 2 km lang og er ein del av stadionanlegget Vikeså stadion, som består av ei kunstgrasbane, ei grasbane, treningsfelt og friidrettsanlegg og ein idrettshall. I tillegg ligg det til rette for ein del andre idrettar i kommunen.

Ved Bjerkreim skule er det ein ballbinge i tillegg til ei grusbane. På Vikeså skule er det eit symjebasseng på 12,5 meter.  På Stavtjørn er det alpinsenter med fire heisar. Bjerkreim skyttarlag har skytebane inne på samfunnshuset og ute på Vikesdal. Bjerkreim jeger og fiskerforening har leirdueskytebane i Gjedremskogen.

Det er tilbod om aktivitetar innan mellom anna rulleski/ski, skyting, turn, handball, fotball, styrketrening, spinning, friidrett, sykling, volleyball og turgåing. I tillegg vert det arrangert symjekurs kvart halvår og det er open symjehall to dagar i veka.

Publisert av Astrid Apalset Vassbø. Sist endra 12.10.2017
Fann du det du leitte etter?
Temaside (1)
Teneste (1)