Severdigheter i Bjerkreim

Det er mykje å sjå og oppleve i Bjerkreim!

Gloppedalsura. Foto - Klikk for stort bilete

Gloppedalsura

Nord-Europas største steinur med steinar store som hus! Kjent frå krigshandlingar i aprildagane i 1940.

Dersom du besøkjer Gloppedalsura er det berre ein liten biltur til Byrkjedalstunet i Gjesdal kommune, der sel dei både god mat og lys.

 

Kløgetvedttunet - Klikk for stort bilete Kløgetvedttunet

Gamalt gardstun med våningshus, steinfjøs, stall og smie. Bruksgjenstandar frå det gamle bondesamfunnet.

Om sommaren er det fleire arrangement på søndagar på Kløgetvedttunet. Følg med på Aktuelt og Kva Skjer? for tidspunkt og nærmare omtale.

DFrå arrangementet "Farmen" på Kløgetvedt juni 2015. Foto - Klikk for stort bilete et vert også sal av lappar, kaffi og litt kioskvarer, samt kunstutstilling og tilbud om omvisning alle desse søndagane. Meir informasjon på plakatar og i annonser.

Tunet kan også bestillast for eigne arrangement. For fleire opplysningar og evt bestilling, kontakt Bjerkreim kommune tlf 51 20 11 00.

 

MK Ørsdølen, foto: Alf S. Ognedal - Klikk for stort bilete

MK Ørsdølen

Siste båten som gjekk i organisert rutetrafikk på innsjø i Rogaland.  Båten går frå Odlandstø kvar sundag kl. 11 i juli og august.  Flott tur i naturskjøne omgivingar.  For meir informasjon og leige utanom rutetidene, sjå eiga nettside eller kontakt tlf. 958 23 015.

 

 

FN-parken på Vikeså, foto: Alf S. Ognedal - Klikk for stort bilete

FN-parken

På Vikeså, v/Vikeså Veiservice, langs E-39.  Minnesmerke over soldatar frå Rogaland som har falt i FN-teneste.

 

 

 

Apparat til å klatre, leike og balansere i ved Svelavatnet.  - Klikk for stort bilete Aktivitetsparken ved Svelavatnet

Hausten 2014 opna denne aktivitetsparken, 100 m frå Esso/Vikeså vegservice på Vikeså. Her er det ein 2,5 m høg klatrestein, turnapparat, balanseapparat og ein steinpyramide. Her kan små og store springe av seg, det er benkar og bord innimellom. Anlegget er gratis og alltid ope.

 

Åsen 041212 008.jpg - Klikk for stort bilete Åsentunet

Tunet består av eit våningshus frå 1740 og eit gjenoppbygd uthus frå omtrent same tid.  Våningshuset er det eldste i Bjerkreim kommune. Garden ligg tett til prestevegen, den gamle ferdselsåra mellom prestegarden på Helleland og kyrkja på Bjerkreim. Åsenhuset leiger ut lokale til møte og overnatting, sjå eiga nettside.

 

Ørsdalen Gruver - Klikk for stort bilete

Ørsdalen Gruver

I 1901 fant ein Molybden, og seinare Wolfram i Ørsdalen. 
Ei av gruvene er nå renovert og sikra. Det er ikkje allmenn tilgang for publikum, men det vil bli arrangert omvisningar med guide søndager i juli og august.
Dette skjer i samband med båttturar med M/S Ørsdølen. Dei som bare ønskjer å sjå gruvene, utan båtturen, kan møta opp på parkeringsplassen ved hengebrua på Hovland (sjå Google-kart under) søndager ca. kl 14.00 og følgje guiden opp til gruvene. Dette er gratis. Kontakt ev. tlf. 90 76 31 39.

Sjå elles nettsidene til Ørsdølen, www.orsdolen.no, for meir informasjon om avreisetidspunkt med båten frå Odlandstø, prisar osv.

Det er også rydda og merka tursti opp til gruvene på Gudlen, på toppen av fjellkammen i Ørsdalen. Sjå turkart her.

Kart
Hovland

 

Gardsmuseet i Austrumdal

Kornløe frå 1600-talet - stor samling av gamle reiskapar og gamalt inventar frå garden. Ope etter avtale med eigar på tlf. 51 45 85 80/945 72 875.
 

Fornminnefelt

Unike restar frå folkevandringstida. Like ved E-39, lett tilgjengeleg frå rasteplassen på Storrsheia.  Les meir om området her.

Sist endra 12.09.2017
Fann du det du leitte etter?
Artikkel med kontaktperson (1)
Eksterne lenker (2)