Friluftsliv

På tur i Bjerkreimsnaturen. Foto: Alf S. Ognedal - Klikk for stort bilete

 

 

 

Heile året byr Bjerkreim på rekreasjon og opplevingar i ein rik, variert natur og eit velstelt kulturlandskap.

 

Naturen varierer frå heftige dalføre, som er prega av store vatn og steile fjell, til opne heier som er lette å gå i.  Ikkje bare finn du fantastiske turområde med mange merka løyper, det er nok av urørt terreng for deg som liker å gå dine eigne vegar.

 

Om sommaren har du gode bade- og fiskemuligheiter i vatn og elv.  Bjerkreimselva er ei av Norges beste lakseelvar med ein fiskbar strekning på 54 km, men det fins også fleire gode vatn for aurefiske.

 

Er du glad i vintersport, ligg Stavtjørnområdet med alpinanlegg og oppkøyrte skiløyper bare ein halvtimes køyretur frå Vikeså.  Området ligg godt til rette for turar også utanom skisesongen.

 

Bjerkreim kommune er medlem i Dalane Friluftsråd.  På friluftsrådet sine nettsider finn du informasjon og tips til aktivitetar i dalanenaturen, som fotturar, padling, sykkelturar o.s.v.

 

Der kan du også lasta ned årets På topp i Dalane-brosjyre, eller du kan finna toppturane på friluftsrådet sin turlogg www.telltur.no/dalane.  På denne sida kan du registrera turane dine, og du finn konkurransereglar, kart og anna info.

Publisert av Mads-Yngvar Fuglestad. Sist endra 12.04.2016
Fann du det du leitte etter?
Artikkel med kontaktperson (2)