Påska 2018
I påska har biblioteket stengt onsdag 28. mars i tillegg til heilagdagane. Måndag 26. og tysdag 27. mars har biblioteket vanlege opningstider.
Tips til barnebøker
Klikk på "Bokomtaler" i kolonna til høgre for å sjå omtale av ulike barnebøker.
Boksalg - posesalg
Me har salg av kasserte bøker. Mykje forskjellig. Kom og kjøp! Fyll ein pose for 50 kr.
Filmbib
"Filmbib gir alle med nasjonalt lånekort muligheten til å se norsk kort- og dokumentarfilm helt gratis ved å logge seg på med sitt nasjonale lånekort og PIN-kode."
"I Filmbib kan du se kort- og dokumentarfilmer av nyere dato, men også et utvalg av filmer som går tilbake i tid. Du vil finne en unik samling av kortfilmer for både barn og voksne: animasjonsfilmer, eksperimentelle filmer og humoristiske korte historier. Her er også historisk interessante og samfunnsaktuelle dokumentarer og mye mer. Besøk Filmbib ofte! Det blir stadig lagt filmer til i tjenesten."
Lånekort for barn
Alle barn som har byrja på skulen kan få eige lånekort. Barn under 15 år må ha underskrift frå forelder eller føresett for å få lånekort.
Innlevering på Bjerkreim
Nå står det ei innleveringskasse i gangen på butikken på Bjerkreim. Den kan du bruka til å levera alt som skal til norske bibliotek. Kassa blir tømt minst ein gong i veka.
Les e-bøker!
I appen eBokBib kan du låna e-bøker rett til nettbrettet eller smarttelefonen din. Til det treng du lånekort og passord/pinkode frå biblioteket.
For å koma i gang kan du gå inn på ebokrogaland.no. Der klikkar du deg inn på lenka Brukarrettleiing for eBokBib i Rogaland. Det ligg også ein demonstrasjonsvideo på YouTube ; søk på Demonstrasjon av eBokBib. På desse stadene finn du rettleiing.
Dersom du manglar lånekort eller passord, eller har gløymt passordet, må du kontakta biblioteket for å få nytt.
Bjerkreim folkebibliotek ligg vegg i vegg med Vikeså skule på Lossvollen.
Det er eit kombinasjonsbibliotek (folkebibliotek + skulebibliotek).
Telefon: 51 45 93 20
Adresse: Vikesågata 62, 4389 Vikeså
E-post: biblioteket@bjerkreim.kommune.no
Biblioteket låner ut bøker, lydbøker, filmar, tidsskrift, aviser og enkelte musikkinnspelingar. Alt utlån er gratis.
Publikum har også høve til å søka informasjon via Internett. Internett-søkinga er gratis, men tidsavgrensa. Publikum kan nytta biblioteket sin kopimaskin mot betaling pr. kopi.
Biblioteket hjelper dessutan til med å skaffa bøker og anna materiale frå andre bibliotek, dersom det ikkje finst i biblioteket sine eigne samlingar. Også denne tenesta er gratis for publikum.
-
Opningstider:
Opningstider
Dag | Tid |
Måndag | kl 15.00 - 19.00 |
Tysdag | kl 15.00 - 19.00 |
Onsdag | kl 15.00 - 19.00 |
Torsdag | kl 12.00 - 15.30 |
Fredag | kl 12.00 - 15.30 |
Laurdag | Stengt |
Prisar biblioteket 2018
Prisar biblioteket 2018
Purregebyr og erstatningar | Pris |
Første purring | kr 30 |
Andre purring | kr 60 |
Tredje purring/erstatningskrav | kr 100 + erstatning |
Erstatningar: | |
Vaksenbok/teikneseriealbum/lydbok | kr 400 |
Barnebok/ungdomsbok/blu-ray | kr 300 |
Tidsskrift/teikneseriehefte/DVD | kr 200 |
Anna materiale | Etter vurdering |