Kultur, idrett og friluftsliv

 

 Marknadsdag på Kløgetvedttunet, bygdatun i Bjerkreim. Foto - Klikk for stort bilete

I Bjerkreim er det eit stort mangfald av kultur, idrett- og fritidstilbod, sjå menyen til venstre.

I tillegg til ei god breidde i det frivillige organisasjonslivet tilbyr kulturkontoret ulike aktivitetar og stønadsordningar.

 

I 2009 vart Kulturbanken pussa opp, det gamle banklokalet som ligg vegg i vegg med kommunehuset. Kulturbanken vert dagleg brukt av kulturskulen, men lokala vert òg nytta til utstillingar, konsertar og teaterframsyningar. Det er òg høve til å leige lokale til konferansar ogprivate arrangement.

 

I Bjerkreim er det eit rikt organisasjonsliv, eksempelvis idrettslag, religiøse organisasjonar, bygdekvinnelag, kor og 4H. Det er mange aktivitetar både i samfunnshuset, Bjerkreimshallen og i tidlegare skule- og bedehusbygg kring i kommunen.

Det er eit nært samarbeid om kulturspørsmål i Dalane, dvs Bjerkreim, Egersund, Sokndal og Lund. Annankvart år vert Dalane kulturfestival arrangert.

 

Aktuelle undertema innan kultur, idrett og friluftsliv finn du i menyen til venstre.

I kolonnen til høgre finn du artiklar, informasjon og eksterne lenker innan kvart tema.

Publisert av Astrid Apalset Vassbø. Sist endra 12.09.2017
Fann du det du leitte etter?