Info frå flyktningkonsulenten

Svelavatnet ein fin haustdag - Klikk for stort bilete Det trengs både frivillige til arbeidet med flyktningane og praksisplassar der dei kan bli betre kjent med norsk arbeidsliv og praktisera norsk språk.

 

Frivillige i møte med flyktningane

Frivillige er svært viktige i møte med flyktningar. Det er mange oppgåver som ein flyktningkonsulent ikkje kan rekkja over. For at dei som kjem skal føla seg velkomne og inkluderte er det avgjerande at folk tek kontakt, går på besøk og inviterer på besøk. Fleire er allereie engasjerte i dette, det er flott!

Ta kontakt med flyktningtenesta om du vil vera med som frivillig, tlf 51 20 11 00 eller 51 20 11 03.

 

Flyktningtenesta treng praksisplassar

Personar som vert busette som flyktningar i Bjerkreim kommune skal delta i eit introduksjonsprogram. Gjennom introduksjonsprogrammet skal flyktningane læra seg norsk og kvalifisera seg til vidare skulegang eller arbeid.  Denne ordninga består av skule og/eller praksis.

Bjerkreim kommune busette 9 flyktningar i 2014, 4 flyktningar i 2015 og 12 flyktningar i 2016.

Flyktningetenesta ønskjer derfor å koma i kontakt med sjølvstendig næringsdrivande og bedrifter i Bjerkreim kommune som kan tenka seg å ha ein eller fleire personar i praksis. Dette kan vera fast ein dag i veka året rundt eller fleire dagar i veka i kortare periodar. Målet med praksisen er at personen skal få kjennskap til norsk arbeidsliv, få erfaring og få nytta og vidareutvikla dei norskkunnskapane som vedkommande allereie har. Personane som vert busette har ulike erfaringar og kunnskapar med seg, praksisplassar innanfor fleire ulike arbeidsfelt er derfor av interesse.

Ta kontakt med flyktningtenesta dersom du vil veta meir eller tenkjer at du har ein muleg praksisplass, tlf 51 20 11 00 eller 51 20 11 03.

 

Ønske om å gje ting til flyktningar som kjem til Bjerkreim

Når ein skal etablera seg på nytt etter å ha flykta, er det mykje som skal på plass.

Dersom du har ting du tenker at nokon kanskje treng kan du henvenda deg til Flyktningetenesta på tlf 51 20 11 03 eller 404 44 912. Spesielt sportsutstyr, syklar og skiutstyr, er kjærkoment.

Publisert av Tora-Britt Svela. Sist endra 02.03.2017
Fann du det du leitte etter?
Artikkel med kontaktperson (2)