Religion og livssyn

Pike som ber aftenbønn. Foto - Klikk for stort bilete I Bjerkreim er det berre eit registrert trussamfunn; Den norske kyrkja.  Fleire som er busette her, er likevel medlemmar i andre trussamfunn.

 

 

Den norske kyrkja

Kyrkja ligg på Bjerkreim.  I tillegg er det kapell på Ivesdal og i Ørsdalen.  Det er 2 store tenlege bedehus; Bjerkreim bedehus og Vikeså misjonshus. Fleire mindre forsamlingshus finst rundt i krinsane. På desse husa vert det drive eit omfattande arbeid for alle aldersgrupper.  Både kyrkja og bedehusa driv mykje arbeid for barn og unge. Samarbeidet er godt.
 

Dåp

Ønskjer du dåp i Den norske kyrkja, Bjerkreim, kan du kontakta kyrkjekontoret.  Kontaktinformasjon finn du i kolonna til høgre. På nettsida til Bjerkreim kyrkje finn du gudstenesteplan med aktuelle dåpssundagar.  Dåp er nødvendig for medlemskap i kyrkja.
 

Kyrkjeleg vigsel

For å inngå ekteskap, må de få ein prøvingsattest frå skatteetaten (folkeregisteret).   Alle nødvendige papir (forlovarerklæring, erklæring frå brurefolka for prøving av ekteskapsvilkåra m.m.), får de på skatteetaten.no. Informasjon og gode tips finst også på kyrkja.no - lenke i høgre marg.

De bestiller kyrkja ved å kontakta kyrkjekontoret. Kyrkjekontoret kan også bidra med hjelp og informasjon.
 

Konfirmasjon

Alle 14-åringar får tilbod om å melda seg til konfirmantundervising og konfirmasjon. Vilkåret for å verta konfirmert, er at du er døypt.   Konfirmant som ikkje er døypt, vert døypt som ”vaksen” før konfirmasjonsdagen.
 

Gravferd

Kyrkja har ansvar for gravferd for alle, også dei som ikkje er medlemmar i kyrkja.

Det er 3 gravplassar; Bjerkreim kyrkjegard, Ivesdal kyrkjegard og Ørsdalen gravplass.

Nærast alle i kommunen ønskjer ein kyrkjeleg seremoni i samband med dødsfall og gravferd.  Dei som ikkje ønskjer seremonien i kyrkja, kan vera på samfunnshuset evt. anna lokale.

 

Meir informasjon, finn du ved å gå inn på kyrkja si nettside, eller ta kontakt med soknepresten (tlf. 51 20 11 97) eller kyrkjeverje (tlf. 51 20 11 98).

 

Publisert av Mads-Yngvar Fuglestad. Sist endra 04.08.2015
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Tlf: 51201197/98
E-post  
Temaside (1)
Informasjon (2)