Innbyggjarrettar

Norges lover. Illustrasjon - Klikk for stort bilete På denne sida finn du lenker til offentleg informasjon knytta til temaet innbyggjarrettar, m.a. innsynsrett, pass og statsborgarskap og verjemål.

 

Innsynsrett

Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (Offentleglova) gir rett til innsyn i det offentlege innhaldet i ein journal eller eit dokument. 

Les meir om innsynsretten her.

 

På desse nettsidene kan du via vår innsynsløysing be om innsyn i journalførte dokument og sakspapir i Bjerkreim kommune. 

Du når innsynsløysinga frå menypunktet Innsyn/Postliste i toppmenyen, eller via snarvegen Sjølvbetening.

 

Verjemål

Frå 1. juli 2013 tok ny verjemålslov til å gjelda og dei kommunale overformynderia vart avvikla.  Etter omlegginga er det Fylkesmannen som har ansvar for verjemålsoppgåvene.

Les meir om verjemål på portalen Vergemål.no eller ta kontakt på e-postadressa fmropost@fylkesmannen.no eller telefon 51 56 87 00.

 

Innbyggjarforslag

Kommunestyret eller fylkestinget pliktar sjølv å ta stilling til eit forslag som gjeld kommunens eller fylkeskommunens verksemd, dersom minst 2 prosent av innbyggjarane, alternativt 300 i kommunen eller 500 i fylket, står bak forslaget.

Rettleiar for innbyggjarforslag.

Nettportalen misak.no/minsak.no gjer det mogleg å både føreslå saker og samle underskrifter. Samlar ein nok underskrifter, må kommunestyret handsame saka.

Publisert av Tora-Britt Svela. Sist endra 27.06.2017
Fann du det du leitte etter?