Flagg og ordenar

 Det norske flagget. Foto - Klikk for stort bilete

Her finn du lenker og informasjon om flaggbruk og ordenar og medaljar i Noreg. 

 

Flaggbruk

Det norske flagget skal heisast kl. 08.00 i perioden mars - oktober og kl. 09.00 i perioden november - februar.

Flagget skal firast ved solnedgang, men ikkje seinare enn kl. 21.00.

Meir informasjon om flaggtider og flaggreglar finn du i flaggforskrifta.

 

Dei offisielle flaggdagane er:
Dei offisielle flaggdagane er:
Dato 
1. januar1. nyttårsdag
21. januarH.K.H. Prinsesse Ingrid Alexandra
6. februarSamefolkets dag
21. februarH.M. Kong Harald V
Bevegeleg1. påskedag
1. maiOffentleg høgtidsdag
8. maiFrigjeringsdagen 1945
17. maiGrunnlovsdagen
Bevegeleg1. pinsedag
7. juniUnionsoppløysinga 1905
4. juliH.M. Dronning Sonja
20. juliH.K.H. Kronprins Haakon Magnus
29. juliOlsok
19. augustH.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit
25. desember1. juledag
Valdagar ved Stortingsval

 

 

I tillegg til dei offisielle flaggdagane er det i Bjerkreim kommune gjort vedtak om flagging frå kommunale bygg på følgjande dagar:

  • Kvinnedagen 8. mars
  • FN-dagen 24. oktober
  • Konfirmasjonsdagane i Bjerkreim

Kommunen flaggar også på valdagen ved kommune- og fylkestingval.

 

Ordenar og medaljar

Ordensvesen finst i dei fleste verdsnasjonane. Statlege styresmakter nyttar utdeling av ordenar og medaljar til å belønne landsmenn og utanlandske borgarar for særleg innsats til samfunnets beste. 

Meir informasjon finn du via lenkene i høgre kolonne.

Publisert av Tora-Britt Svela. Sist endra 03.08.2015
Fann du det du leitte etter?
Temaside (1)
Eksterne lenker (2)