Sosiale tenester

NAV logo - Klikk for stort bilete

 

 

Sosiale tenester er ein del av NAV Bjerkreim.  Dei held til på kommunehuset på Vikeså.  Opningstider er kl. 09.00-15.00 måndag til fredag.  Besøkasadresse/ postadresse: Nesjane 1/ Postboks 56, 4389 Vikeså. 

 

Telefon: 55 55 33 33

E-post: nav.bjerkreim@nav.no

 

Sosiale tenester som er lagt til NAV Bjerkreim er økonomisk sosialhjelp, økonomisk rådgjeving, gjeldsrådgjeving, råd og rettleiing og førebyggjande arbeid.  Sosialtenesten skal gje hjelp til personar som er i ein vanskeleg situasjon. 

 

Rettleiing for saksbehanling:

Økonomisk sosialhjelp kan bli gitt til personar over 18 år.  Slike økonomiske bidrag blir gitt til personar som "ikkje er i stand til å sørge for sitt livsopphold", eller "som treng hjelp til å overvinne eller tilpasse seg ein vanskeleg livssituasjon" (Lov om sosiale tjenester §§5-1 og 5-2).

 

Saksgang/ framgangsmåte:

Du treng eit søknadsskjema for å søkje om økonomisk sosialhjelp.  Det får du ved å ringje, eller ved oppmøte i ekspedisjonen til NAV på kommunehuset på Vikeså.  Alle inntekter og utgifter må dokumenterast.

Det er meininga at økonomisk bidrag eller lån til livsopphold skal dekkje alle vanlege utgifter til:

  • mat
  • hushaldning og hygieniske artikler
  • klede
  • småutstyr til bustad
  • transportutgifter (kollektive transportmidler)
  • TV-lisens og lokalavis
  • mindre beløp til lommepengar og fridtisaktivitetar
  • frisør
  • vanlege utgifter til lege, medisiner og behandling foreskrevet av lege
  • vanleg tannbehandling

Kommunestyret har vedteke rettleiande satser for sosialhjelp til livsopphald.  Hjelpen vil variere med familien sin storleik, utgifter og inntekter.  Før du søkjer sosialhjelp, må du først prøve alle andre muligheter til å sørgje for ditt livsopphald.

 

Saksbehandling:

Når sosialtenesten behandler søknaden, vil opplysningane bli kontrollerte mot vedlagt dokumentasjon.  I tillegg kan sosialtenesten kontrollere opplysningane mot andre offentlege registre.  Svar på søknaden blir gitt i form av eit enkeltvedtak.  I saker som gjeld enkeltvedtak, skal det bli gitt eit førebels svar dersom henvendinga ikkje kan besvarast i løpet av ein månad etter at den er motteken, jf. Forvaltningslova § 11a, andre ledd.

Dersom dei nødvendige opplysningane/ dokumentasjon er lagt ved søknaden, kan saka i dei fleste tilfeller behandlast i løpet av ei veke. 

 

Generell informasjon:

Taushetsplikt

Alle tilsette ved serviceavdelinga og NAV har taushetsplikt.  Det betyr at vi ikkje kan gje opplysningar om dine personlege forhold til utanforståande. 

 

Vi kan heller ikkje opplyse nokon om at du er klient eller mottakar av sosialhjelp.  Søkjars signatur gjer imidlertid fullmakt til å henta inn opplysningar frå andre offentlege etatar for vurdering av søknaden. 

 

Klagerett:

Vedtaket om sosialhjelp kan påklagast innan tre veker etter at du har motteke vedtaket i posten.  Saka blir då behandla på nytt.  Dersom vedtaket vert oppretthalde av NAV Bjerkreim, vert saksutgreiing sendt til den politiske klagenemda i kommunen.  Dersom klagenemda opprettheld tidlegare vedtak, skal saka sendast tl fylkesmannen for endeleg vedtak.

 

Økonomirådstelefon 800GJELD:

Folk som har betalingsproblem kan ringe ein økonomirådstelefon med nummer 800 45353.  Tenesta er eit forebyggjande tiltak for å gje folk råd og enkel rettleiing, slik at brukarane sjølv kan få kontroll over økonomien sin.  Innringar kan vere anonym.  Dette er "Hjelp til sjølvhjelps tilbud".  Rådgjevarane i telefonen kan ikkje driva saksbehandling.  Tenesta er gratis frå fasttelefon, og derson innringar brukar mobiltelefon eller kontantkort, kan rådgjevarane tilby å ringe tilbake.  800GJELD er det samen som 80045353, det vil sei at tastaturbokstavane G-J-E-L-D samsvarar med tala 45353 på telefonen. 

Publisert av Brit Fuglestad. Sist endra 13.10.2015
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

leiar
Tlf: 55 55 33 33
E-post  
Artikkel med kontaktperson (1)
Eksterne lenker (1)