Brannvesen

Brannbil. Foto: Eigersund kommune - Klikk for stort bilete

Bjerkreim kommune samarbeider med Eigersund kommune om brann- og redningsteneste.

 

Eigersund Brannvesen, seksjon brannvern, driv forebyggjande brannvern og opprettheld kontinuerlig beredskap som vert sett inn ved brannsituasjonar og akutte ulukker og/eller forureining i kommunane Bjerkreim og Eigersund. 

 

Brannstasjonen i Eigersund er døgnbemanna, medan brannstasjonen på Vikeså (Hompen) er bemanna med deltidspersonell.  I tillegg er det etablert eit lite depot med slokkemateriell i Ørsdalen som vert betent av frivillig mannskap.

 

Beredskapsavdelinga i Bjerkreim består av deltidspersonell med personsøkjar/radio som bemannar beredskapsutstyret på Vikeså.  Ved utalarmering av Bjerkreim, kjører det alltid ut eit fullt vaktlag frå Eigersund samtidig.

Publisert av Tora-Britt Svela. Sist endra 04.08.2017
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Kommunalsjef LMT
Tlf: 51 20 11 10
E-post  
Temaside (1)