Leige og utleige

Husnøkkel.  Foto - Klikk for stort bilete

Bjerkreim kommune har nokre bustader som kan leigast ut til vanskelegstilte, dvs. personar som ikkje sjølve, eller med anna offentleg støtte, greier å skaffa seg tilfredsstillande bustad.  I denne gruppa er også rekna med personar som treng bustad med særleg tilpassing, grunna alder eller ulike former for funksjonshemming.

 

Det er som oftast ventetid for fleire av bustadtypane, og ein må prioritera plass til dei som treng det mest.

Sosialtenesta har plikt til å hjelpa med å skaffa til veie bustad ved akutt behov for dette. Ta kontakt med  NAV Bjerkreim om dette er nødvendig.

 

Utover dette har kommunen ingen oversikt over ledige leigeobjekt og viser til ev. annonsering i lokalpressa og oppslag på butikkar o.l.

Publisert av Tora-Britt Svela. Sist endra 31.07.2015
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Leiar serviceavdelinga
Tlf: 51 20 11 60
E-post  
Temaside (1)